Få fjellet for deg sjølv, på Voss
Har du drøymt om å komma til eit skianlegg og oppleve urørt pudder – heilt for deg sjølv? Det er ein ganske vanleg dag midt i veka, på Voss. Medan alle andre er på jobb i vekedagane, er denne tida perfekt for studentar, skiftarbeidarar og sjølvstendige næringsdrivande til å nyte fjellet. Om du jobbar på dagtid er kanskje det å stå på ski om kvelden eit betre alternativ for å finne tomme bakkar og løyper? Du kan f.eks. ta med deg brettet i gondolen og opp på fjellet for å nyte litt pudder og skogskøyring i Voss Resort. Andre alternativ er Kari Traa-heisen i Myrkdalen og langrennsløypene i Voss ski- og tursenter. Det er mange alternativ å velje mellom og her får du dei beste tipsa!
Urørt pudder i Vossafjella. Foto: Karoline Fosse
Vil du leike deg i urørt pudder?
Det kan du i Voss Resort og Myrkdalen eller kvar som helst på Voss om du tar randonee-skiene fatt. For å komma til toppen av Voss Resort tar du gondolen rett fra togstasjonen, eller køyrer til Bavallen og tar skiheisen derifrå. Her er det uendeleg mange mogelegheiter for å køyra bra pudder. Det enklaste å begynne med er å ta heisen "Slettafjell" til toppen og køyre off-piste ned att. For dei meir erfarne er skogen ved sida av Hangurstrekket bra. Her kan du ta mange turar og få mykje bra skogskøyring.
I Myrkdalen finn du pudder langs løypene i heile anlegget - men den aller beste plassen er mellom Kari Traa trekket og Kråni. Ein treng ikkje å gå langt før ein finn urørt snø her. Myrkdalen er faktisk ein av dei mest snøsikre anlegga i Norge! Vil du ha ei endå betre oppleving? Ta med fellene dine, ta Kari Traa-trekket opp og gå i ca 30 minutter til Finnbunuten. Her får du garantert ein bra tur ned igjen.
Les fleire tips til toppturar i Vossafjella her: 5 enkle toppturar på Voss
NB! Hugs skredutstyret ditt og sjekk alltid forholda før du dreg i veg.
Frikjøring i Myrkdalen. Foto: Sverre F. Hjørnevik. | Par på randoneetur i Vossafjella. Foto: Karoline Fosse
Store svinger i bakken
Både Myrkdalen og Voss Resort kan by på nypreparerte løyper om morgonen. Midt i veka tek det mange turar før du ikkje finn nypreparerte løyper og perfekt snø. Vekedagane er ei perfekt tid for ski- og brettkøyrarar som elsker å carve, ta store svingar og å teste hastigheita. Midtvekes treng ein ikkje å bekymre seg for mange andre i bakken. I tillegg til å ligge på skjør i perfekt løyper, finn du også ein flott park i Myrkdalen. Her er det topp å leike seg om du er glad i freestyle og nye utfordringar. Du vil dessutan sjeldan måtte stå i kø til skiheisen, så du får garantert mange rundar i løpet av nokre timar!
Parken i Myrkdalen. Foto: Sverre F. Hjørnevik. | Slalom i Myrkdalen. Foto: Sverre F. Hjørnevik
Parken i Myrkdalen. Foto: Sverre F. Hjørnevik
Eit langrennseventyr
I Myrkdalen finn du preparerte langrennsløyper like ved parkeringsplassen. Kryss den nye skibrua som går over hovudvegen og derifrå kan du velje løyper alt i frå 5km til 30km. Løypene er ikkje så godt kjent endå - så om du går her midt i veka er det stor sannsynlighet for at du får ha fjellet for deg sjølv. I Voss Resort finn du mange langrennsløyper på Hangurstoppen, rett ved toppstasjonen til gondolen. Ta f.eks. gondolen opp midt i veka og bruk heile dagen i langrennsløypa. På ettermiddagen kan du nyte ein fantastisk solnedgang på toppen av Hanguren! Ynskjer du ei skikkelig eventyrlig vinteroppleving kan du ta turen til Voss ski- og tursenter. Her kan du glede deg over tomme løyper omgitt av høge, snøkledde furutrær. Nokre plasser opner skogen seg og du får ei fantastisk utsikt frå løypa - ein magisk plass å kople av og berre nyte naturen og utsikta.
Langrennløyper i Årmotslia og Myrkdalen Fjellandsby i bakgrunnen. Foto: Sverre F. Hjørnevik | Langrenn på Hangurstoppen, utsikt over Voss. Foto: Jon Hunnalvatn Tøn, Hunnalvatn Media.
Blåtime og tomme løyper i Voss Ski- og Tursenter. Foto: Visit Voss
Aktivitetar og tilbod:
Meir inspirasjon til vinteren
Lyst på fleire skiturar i tomme bakker og løyper? Fiks deg ein fridag eller to midt i veka og sjekk ut desse artiklane: