Ekstremsportveko byr på storslåtte publikumsopplevingar 

Endeleg er Ekstremsportveko attende i fullskalaversjon med konkurransar, aktivitetar, fest, leik og moro. I løpet av den sju dagar lange festivalen, er det duka for mange gode publikumsopplevingar. 

Ekstremsportveko 2021, Skydive, Photo by Henrik Eriksen web
Ekstremsportveko 2021, Skydiving, Photo by Henrik Eriksen

Gry Bystøl, leiar i Visit Voss, har sjølv fartstid som deltakar i rafting- og kajakk konkurransar under Ekstremsportveko. No deltek ho oftare som publikum og gler seg, kvart år, som ein unge til «Veko» går av stabelen i heimbygda. 

- Endeleg er Ekstremsportveko attende i fyll fyr! Etter ein seig koronapandemi gler me oss no enormt til at «Veko-sirkuset» inntek bygda att. Det vert liv og røre frå morgon til kveld, og både publikum og utøvarar har utruleg mykje å glede seg til, seier Bystøl. 

Stor internasjonal merksemd

Kvart år kjem kring 1200 utøvarar frå heile verda for å utfordra seg sjølv og naturkreftene. Nytt av året er at det vert arrangert VM i elvekajakk og EM i utforsykling. Med dei to konkurransane på programmet, vert Voss nok ein gong satt på kartet internasjonalt. 

-Ekstremsportveko betyr svært mykje for identiteten og merkevara til vossabygda. Det at me på Voss kvar sommar arrangerer verdas største ekstremsportfestival, som tiltrekkjer seg utøvarar frå heile verda, gjev bygda stor nasjonal og internasjonal merksemd. 

lokst utøve, photo by Erica Clapp
Ekstremsportveko, Lokst utøve, photo by Erica Clapp

Storstilt program med mange gode publikumsopplevingar 
Programmet til Ekstremsportveko er attende i fullskalaversjon, og det vert både høg fart, adrenalin, urbant og luftig. Av dei over 100 ulike programpostane, har Gry Bystøl og Visit Voss teamet plukka ut sine topp fem tips til kva du som publikummar bør få med deg under Ekstremsportveko. 

VM i elvekajakk. Verdsmeisterskap i elvekajakk er eit av dei store høgdepunkta under årets festival. Her kan du sjå verdselita i elvepadling kaste seg utfor ville fossar og stryk. Kvalifisering i Raundalselva ved Urdland tysdagen, semifinale i Myrkdalselva torsdagen og finalar i Myrkdalselva fredagen. 

Gullfjordungen Urban Downhill er ein anna publikumsfavoritt, som går av stabelen onsdag på Gullfjordungen like ved sentrum. Sjå syklistane hoppe gjennom hagar og suse gjennom hus i denne svært utradisjonelle sykkelkonkurransen! Startar kl 11.00.

Ekstremsportveko 2021, NC-DH, Photo by Daniel Sapak
Ekstremsportveko 2021, NC-DH, Photo by Daniel Sapak

Lokst Utøve ved Demmo er ein annan soleklart publikumsfavoritt. Dette er ein stupekonkurranse (dødsing) med høg show faktor, kor du som tilskodar kjem svært tett på utøvarane. Ta med deg badering eller gummibåt og sjå på frå vatnet!Startar kl. 13.00.

Eit anna arrangement som alle, både utøvarar og publikum, bør få med seg under årets festival er
Pride: Ekstremsportveko ynskjer å løfte seksualitet- og kjønnsmangfald høgare opp på agendaen i idretten og på Voss, og det tykkjer me alle bør møte opp og støtte opp om! Laurdag kl 15.00 i Vangsgata.

Ekstremsportveko 2019, Pride parade, Photo by Erica Clapp
Ekstremsportveko 2019, Pride parade, Photo by Erica Clapp 

iXS Europa Cup: Til slutt må me sjølvsagt få med oss Europacup i utforsykling, som går av stabelen i Bavallen siste helga på Ekstremsportveko. Kvalifisering laurdag og finalar sundag. I denne ville løypa med store hopp og tekniske parti, kan du sjå sykkeleliten utfalde seg. Me garanterer at du aldri har sett noko liknande! 

Kunne du tenkje deg å prøve litt sjølv også? Ekstremsportveko har eit lass med aktivitetar tilgjengelege for oss vanlege folk også! https://ekstremsportveko.com/activities/ 

Sjå heile programmet til Ekstremsportveko her: Program 2022 - Ekstremsportveko