Foto:
Voss Active
Klatrepark
Foto:
Myrkdalen / Hunnalvatn Media
Myrkdalen
Foto:
Voss Active
Familierafting

Topp 5 familieaktivitetar i ekstremsportbygda Voss 

Skreddersy den perfekte actionferien for heile familien i ekstremsportbygda Voss. Bygda er kanskje fylt av ekstremsportutøvarar og lokale våghalsar, men byr så absolutt også på aktivitetar tilrettelagt for alle små og store eventyrarar. Under får du tips om 7 opplevingar familien bør få med seg på Voss i sommar!

 

mor og datter etter familierafting med voss activeFamilierafting med Voss Active

 

1. Familierafting med Voss Active

Elva Vosso er perfekt for familieturar, her raftar vi ca. 7 km med morosame og sikre elvestryk. På familierafting får ein prøva både store og stødige raftingbåtar og små tomannsraftar (duckies), for dei som vil ha ei større utfordring. Mykje bading og moro for alle! Aldersgrense fem år.

2. Voss Klatre og Ziplinepark

Bli med på ei eventyrleg reise gjennom tretoppane i ein av landets flottaste klatreparkar. Klatreparken har 6 løyper med varierande vanskegrad. Hausten 2017 vart parken utvida med eigen ziplinepark der den lengste ziplinen er 150 meter og følgjer elvestryka nedover! Dei store løypene og zipline er for dei som er minimum 140 cm høg. For dei små løypene må ein vere minst 100 cm høg. Familievenleg aktivitet med varierte og morosame utfordringar for alle!

 

Treng familien overnatting? 
Denne sommaren har me kampanje på overnatting. Blir lengre, spar meir!

3. Voss Vind

Fly som supermann i Noreg sin første vindtunell. Flyging i tre minutt tilsvarer fire fritt fall frå fly i 12.000 fots høgde! Du får instruksjon i førekant, leige av utstyr og ein instruktør som er med deg heile tida inne i tunnelen. Ein treng ingen forkunnskapar for å fly hjå Voss Vind. Det er heilt trygt, berre frykteleg spennande. Aldersgrense 5 år.

4. Guida MTB familietur med Outdoor Norway

Denne sykkelturen varar ca to og ein halv time og går på kuperte stiar og på grusvegar. Bømoen er kjent som ei av dei beste friluftsområda på Voss og er godt brukt av Vossingane, både sommar og vinter.

Det som er bra med dette området er at alle stiane tilbyr alternative linjer. Det betyr at dei fleste stiane kan nyttast både av erfarne og nybegynnarar og at alle kan få ein morsom tur. Det vert god tid til å stoppe undervegs og til å ta bilder. Denne turen inkluderer ein terrengsykkel med fullfjæring, aldersgrense 4 år.

 

Treng familien ein pause frå sola?
Les: Topp 3 inneaktivitetar på Voss

5. Voss Gondol

Ein tur med Voss Gondol er spennande nok i seg sjølv. Legg du til at toppstasjonen er startpunkt for paragliderpilotane i bygda, blir det ekstra spennande for store og små. På ein finversdag kan du sjå drøssevis med paragliderar i lufta! For å toppe opplevinga hiv kanskje far eller mor seg utfor kanten i eit tandem paragliderhopp? På toppen av Gondolen finn du også ein flott restaurant, turløyper, sykling, stolpejakt, Grebbe- rebus, bading og den beremøte Hangurshusko.

 

Sikre deg årets mest populære aktivitetar!
Familiepakka - vind, vatn og gondol

familiepakke vindtunnel, rafting og gondol

Bonustips:

Sykling i Myrkdalen.

Rett ved Myrkdalen Hotel finn du ein 850 kvm pumptrack, hopp- linjer i ulike vanskegradar og ei kort sykkelløype med ulike element retta mot born og nybyrjarar.  I pumptracken kan ein bruka alt frå skateboard, sparkesykkel, tre-hjul sykkel og vanleg sykkel. Tilbodet er døgnope og gratis for alle. Ikkje plass til sykkel i baggasjen? Då kan du leige sykkel hjå Myrkdalen Sport & Utleige.

Les meir om sykling på Voss her.

Opplev stemninga hjå europas største fallskjermklubb!

Hjå Voss Fallskjermklubb /Skydive Voss finn du ein koseleg kafé og Voss sin største og flottaste leikeplass. For dei minste er det spennande nok å sjå fallskjermhopparane i aksjon, og fly som lettar og landar eit steinkast unna. Dristar mor eller far seg til eit tandem fallskjermhopp, blir det ei stor oppleving for heile familien. Fallskjermklubben er også eit flott utgangspunkt for turar til fots og på sykkel, med stiar i barnevenleg og flatt terrenget rundt seg.

Ps:

•    Ekstremsportveko vert arrangert siste veka i juni kvart år, mange kjekke aktivitetar for born og unge har vorte lagt til i festivalprogrammet dei siste åra!
•    Aktivitetane over er tilgjengelege mai til oktober
•    Juli er ein svært travel månad på Voss, mange aktivitetsbedrifter har lange ventelister denne månaden. God kapasitet og ekstra gode prisar får du i mai-juni og august-september.

 

Book din aktivitet her:

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Fleire familieaktivitetar:

<% totalFilter %> filter applicerade