Voss
Eldhuset Dale
Kjetil ynskjer velkomen til gode opplevingar på garden Dale, mellom Granvin og Vossevangen. Her kan du få vera med på kurs i bryggjing av heimabrygg, over 3 dagar.
For å gjera det mogeleg for folk som ikkje har så god tid, kan ein også vera med på eldhus oppleving. Då får ein oppleva ei av dei sentrale delane av eldhusbryggjing uten all ventinga; Trekking av einerlåg - og smaka litt på kveikøl.
Treng du overnatting tilbyr dei også det, enten i "Gamlahuset" eller i ein glamping lavvo i skogen bortanfor garden!