cbis:2037075
cbis:2037075
cbis:2037075
cbis:2037075
Voss

Eldhusoppleving med kveik og sprakalog, på Voss

Kom og kjenn på stemninga rundt elden i eldhuset, medan Kjetil fortel om bryggetradisjonen.

Ei elhusoppleving er ei lita pause frå verda utanfor dei gamle veggene. Den opne elden kan ein sjå på i timesvis. I Eldhuset dale er det rigga med benker og stolar rundt den over 100 år gamle kjelen. Rundt om i eldhuset står det pynt som tar deg tilbake til ei anna tid og i taket heng det stemningsfulle lys. Til og med på ein grå vestlandsdag er stemninga i eldhuset på lun og varm.

Eldhusopplevinga er ein kortversjon av eldhusbrygging. Her får du oppleva ei av dei sentrale delane i brygging av tradisjonsøl, uten all ventinga; Trekking av einerlåg.

Antall personer: min 4, maks 15
Tid: 2-3 timer
Trekking av sprakjelåg (oversatt: fyre under kjelen, koker opp, putter einer nedi gryten, utrekk av einerlog).
Kjetil fortel om brygging av gardsøl og historia til eldhusene, og om kva han gjer videre i bryggeprosessen.
Det vert lukting og smaking av einer-uttrekket.
Smaking av brygg laga med kveik og enkel servering av lokal spekemat.

Einerlåg, eller Sprakalóg, er ein viktig ingrediens i tradisjonelt heimabrygg. Den gir god smak og aroma, og ein nyttar og kvistane til "rost" (sil eller rist) i mesketønna for at ikkje maltet skal synke til botn og tetta att tappekrana.

Einer plukkast i skogen før koking, og ein nytter både kvist, nåler og einebær. Desse gjev garvesyre, harpiks og oljer frå treet til ølet.

Eierlågen har og antibakteriell effekt, og er frå gamal tid brukt til reingjering og desinfeksjon av bryggekar og utstyr. Når den nyttes til husvask gjev den og ein frisk og god lukt i rommet.

OBS! Aldersgrense 18 år.

Ta på klær som tåler bål lukt.

Bestill her

Kontaktinformasjon

Map

Andre aktivitetar:

<% totalFilter %> filter applicerade