Enkelt til fjells med Voss Gondol
På toppen ventar ei flott panoramautsikt over fjella kring Vossabygda, og og eit fjellområde fullt av moglegheiter, enten du vil slappe av, vera aktiv eller jakte dei beste bileta.
Billetter, opningstider og meir info finn du her.
Opplev Hanguren
Hanguren er ein perfekt stad for både rolege og aktive dagar i fjellet. Om sommaren kan du gå tur, sykle, sjå paragliderar flyge ut frå fjellet, eller berre nyte stillheita og utsikta. Her finn du turmoglegheiter for alle nivå. Den korte og tilgjengelege Hanguren Panorama er eit godt val for dei fleste. Den 800 meter lange rundløypa er universelt utforma og har fleire flotte utsiktspunkt. Her finn du mellom anna den populære Hangurshusko; perfekt for deg som jaktar instavenlege lokasjonar. Her kan du svinge deg høgt over bygda med utsikt over fjell og fjord; eit augeblink som garantert gjer seg på kamera. Lengre turar som til dømes til Røde Kors-hytta eller vidare mot Lønahorgi passar for dei som vil utforske meir av høgfjellet.
Mat med utsikt
På toppstasjonen til gondolbana ligg Hangurstoppen Restaurant. Her kan du nyte gode smakar, både varme og kalde og deilig drikke medan du ser utover fjellheimen. Perfekt etter ein liten rusletur!
Sommar og vinter
Voss Resort og Hanguren er ein heilårsdestinasjon. Om sommaren er det vandring, sykling og naturopplevingar som står i fokus, medan gondolen om vinteren tek deg rett opp i skisenteret.