graffiti mur med voss logo

graffiti mur med voss logo

Gatekunst i Vossabygda

Graffiti er ei omdiskutert kunstform. Nokre kallar det gatekunst, andre kallar det hærverk. I storbyane kan ein melde seg på guida turar for å sjå på gatekunst og nokre verk har blitt solgt for ei god årslønn. På Voss har me også mykje gatekunst å vera stolt over. Kunstverka spelar ofte på lokal kultur og identitet. Nokre verk er faktisk bestillingsverk, medan andre dukke stille opp i skumringstimane.
 

Her er ein guide til gatekunst du kan finne rundt om i Vossabygda. Ta beina fatt eller hyv deg på ein av VossaBike sine elbygdesyklar og utforsk bygda. Nokre verk finn ein også høveleg plassert i nærleiken av andre attraksjonar, aktivitetar eller caféar, så kvifor ikkje unne seg eit besøk på ein desse når ein fyrst er ute?

God kulTUR!

 

Sinnataggen av La Staa

sinnataggen i voss kulturhus

Dette verket finn ein faktisk innandørs, på Voss Kulturhus. Det vart laga i 2015 under kunstfestivalen «Agalaus». Når du kjem inn hovuddøra tar du til høgre mot kinokiosken.

I trappa bortanfor billettluka ser du Sinnataggen. Voss Kulturhus er ope frå 08:00 til 20:00 kva dag, utanom søndag, så du har god tid til å få med deg dette kunstverket. 

The fortunate should have charity av ITPD

"The fortunate should have charity", eit gatekunstverk av ITPD

Då ein familie som hadde flykta frå heimlande og busett seg på Voss blei truga med å måtte reise ut av landet tok mange til ordet. Det gjorde også gatekunstnaren ITPD. Ei natt laga han dette kunstverket på Kulturhuset. Bilete syner ein liten gut som held opp skiltet "guilty of being a refugee". Eit sterkt verk som visar støtte til mange familiar i same situasjon. 

Utan tittel av JOY

ulike gatekunst motiv på voss kulturhus, bl.a. sauer

Gatekunstnaren JOY ser ut til å ha kosa seg på Voss og har lagt igjen fleire verk i bygda. Dette verket finn du på Voss Kulturhus og på artistens eiga Facebook side er det kommenter "Street-art er kultur". Det er 10 sauer på dette verket. Finn du alle? Sau er nok ganske synonymt med bygda, som har sin eigen festival for å ete saue hovud (Smalahovesleppet). Både JOY og andre artistar har laga verk med sau i fokus. 

Vossa Jazz av ungdom på Voss

Gatekunst av diverse artistar, på Voss

Dette verket er eit samarbeid mellom Vossa Jazz og ungomdsklubben Vangsgryto. Ungdommane har fått tips og råd av dei proffesjonelle gatekunstnarane Doyenne Art og Papa Paul, frå Bergen. Ordføraren opna verket våren 2021. Du kan sjå gatekunsten i undergangen på Voss Stasjon på veg mot spor 2-3. Ser du nokon kjente fjes på veggen? 

Bestillingsverk til Vossa Jazz av ITPD

Emil i Lønneberget og ein pokemon karakter i graffitti-form

Dette verket finn du på ein vegg i huset der Vossa Jazz har kontor. Verket er ein del av utstillinga som opnar hausten 2021, kanskje kjem det meir på denne vegge? 

Olav Dale av ITPD

gatekunstverk av Olav dale på Voss

Olav Dale var ein jazzmusikar, komponist, saksofonist og fløytist. Han var ein kjent og sentral musikar i jazzmiljøet. I regi av den 48. jazzfestivalen kom verket opp, som ein del av festival-utstillinga. 

Artistportrett av ungdommar i Vangsgryto

artistportrett spraymalt på garsjevegger

Trommeslagar Kåre Opheim, folkemusikar Sigrid Moldestad og saksofonist Tore Brunborg er kome opp på veggane i Bonangergata. Det er ungdommer frå ungdomsklubben Vangsgryto som har laga verka. Verka har kome opp i regi av Vossa Jazz 2021 og ungdommane har fått hjelp av festival-kunstnar ITPD til å lage verka. 

Skisportens vugge av La Staa

skisportens vugge, på vekselbanken

«OL-bygda Voss» er eit kjent uttrykk. Ski og vintersport er ein stor del av Voss sin kultur og identitet. Ein skulle derfor tru at eit kunstverk som heidra nettopp dette var til stor glede for heile bygda.

Skisportens vugge har derimot vore til politisk handsaming både i det lokale formannsskapet og hjå Fylkesmannen. Verket prydar to etasjar på den austvendt veggen til Voss Veksel- og Landmandsbank og kom også opp i 2015 under «Agalaus» festivalen. 

Delfiner av Aagotart

delfiner av aagot art

I ei bakgate mellom Vangsgata og Uttrågata finn ein eit anna kunstverk. Fire delfinar stupar mot deg frå veggen bak jernia. Verket har vore der «så lenge ein kan hugse», men blei nok sett oftare då gata var open for gjennomkøyring.

Delfinane blei valgt som motiv då dei minner litt om nisene ein kan sjå i Hardangerfjorden. Det var også malt nokre krypdyr langs bakken på murane i område, men desse er vaska vekk etter mange år med vêr og vind. 

Sinnataggen nr. 2 av LaStaa

gatekunstverk av sinnataggen, på voss

Førebilete av KDA, Voss Gymnas og Dino Dikic

gatekunst av heltar til KDA elevane ved voss gymnas

07. mai 2021 stod ei nytt gatekunstverk klart på Voss. Denne gongane var det elevane ved kunst, design og arkitekturlinja tilsamans med gatekunstnaren Dino Dikic som har vore i arbeid. Verket har gjeve farge til Uttrågata og har fått mykje positiv omtale berre etter nokre dagar. På veggen har elevane nytta ulike teknikkar og laga sjablong-baserte portrett av nokre førebilete. På veggen ser du Charles Darwin, Emma Watson, Billie Eilish, Stan Lee, Marsha P. Jhonson og Erling Braut Haaland.

Vossa Jazz og Pride av ITPD

vossa jazz graffiti - trompetist

  

pride, vossa jazz graffiti

Vossa Jazz kunstnaren 2021 er ein «old school kunstnar» som nyttar sjablong og spray. Det er tadisjon for Vossa Jazz å skipa til kunstutstilling og deler av 2021 utstilling vert utandørs på Vangen, slik som desse verka.

Forhåpentligvis vert utstillinga ståande lenge og kanskje kjem det fleire verk i løpet av festivalen? Verket av tromponisten er også bakgrunnen til festivalplakat 2021. Verka finn ein ved heisen på nivå 2, inngang via Uttrågata. 

Sommarfugl og nattehimmel, Ukjent

gatekunstverk av ein sommarfugl og nokre blomar i voss parkeringshusgatekunstverk av fugl og ein nattehimmel

Desse to verka finn du også i VossaPark. Sommarfuglen finn ein på nivå 1 og måka som ser på ein nattehimmel finn du på nivå 2. Kven som står bak verka er ikkje kjent, men ta gjerne kontakt med Visit Voss om du har tips til kven som står bak. 

Les også: 8 aktivitetar du må få med deg på Voss

Spurv av Sigurd Jensen

spurv i graffiti

Bak Circkle K og like ved Vossapark finn ein også eit fargerikt bilete. Dette blikkfanget og utrulege håndarbeidet er laga av Sigurd Jensen i 2016. 

Engelsk setter og drone av Joy

gatekunstverk av engelsk setter som jakter en drone

JOY har laga street-art siden 2013. Dette verket på Voss kom opp i 2021 og ser ut til at det kan vera ein del av serien September, som består av 10 engelsk-settere, 10 gordon-settere og 10 irsk-settere. Midt i sentrum, sida av bygget til Coop Extra finn du dette verket av ein engelsk setter som følger ei drone. Du kan kjøpe hånlaga verk av JOY her.

Strikkesau av La Staa

strikkesau av la staa, på voss

La Staa er ein norsk gatekunstnar. Dei fleste verka har ei humoristisk undertone med vekt på stereotypar rundt Norges kulturarv og samtid. La Staa sitt verk «Strikkesau» er derfor perfekt for Voss ettersom sauen har ein sterk profil i bygda.

Vossingane er blant anna kjend for å ete smalahove (sauehode) og har ein eigen festival kalla smalahovesleppet. Du finn sauen like ved undergangen bortanfor Vinmonopolet, der strandavegen kjem ned i sentrum. 

Bob Dyland av La Staa

bob dyland sitat hos Voss Vind

«The answer, my friend, is blowin’ in the wind» står det på veggen til Norges fyrste vertikale vindtunnell. Verket står godt i stil med den avslappa og tilbakelente stemninga ein møter hjå Voss Vind. Om ein skal tru alle smila ein ser der oppe stemmer også sitatet ganske bra.

Voss Vind er ope frå 11:00 – 19:00 (ons-lør) og 12:00 – 18:00 (søn) så om du har tatt turen hit bør du stikke hove innom å sjå om du får sett ein flygar eller to. 

Gatekunst av diverse artistar, på Voss Vindulike motiv i street art form

I løpet av 2021 har det kome opp fleire verk på veggen hjå Voss Vind. Dei siste verka er ulike motiv av artisten JOY. Verka ser ut til å vera inspirert av ekstremsporten Voss er kjent for. 

Bestillingsverk i regi av Street Art Bergen

På VossaMarknaden trengte fleire av husa eit strøk med maling. Samstundes har det komme mange nye gatekunstverk på Voss i 2021, men dei fleste er individuelle verk. VossaMarknaden og Street Art Bergen har derfor gått saman om eit større prosjekt. I løpet av ei helg har dei dekka dei fleste veggane av dei gamle eldhusa, bakhagen og ytterveggar med ulike verk inspirert av både "Brureferda i Hardanger" og Meksikansk kultur. Street Art Bergen har faselitert prosjekte, men kunstnarane er både individuele artistar og frå ulike grupper. 

street art kunstnar på evanger
gatekunstverk under arbeid, på evanger
Naturattraksjonar på Voss:
<% totalFilter %> filter applicerade