cbis:1975450
cbis:1975450
cbis:1975450
Voss

Guida tur til Kiellandbu, med Wild Voss

Vår guida fottur til Kiellandbu tar deg gjennom vakkert fjellandskap, langs brusande elver og avslutter med uslåelig utsikt mot Hardangerfjorden og Folgefonna. Den sjarmerende DNT-hytta Kiellandbu er verkelig ei perle med sitt berømte vindu mot fjorden.

Sjå for deg at du vandrar gjennom frodige fjelldalar i tett morgontåke. Stien følger ei stri elv og tek deg over svaiande bruer. Ein stad i tåka høyrer du ei ravn som sender si dystre klagesang utover fjella. Etter ei bratt stigning kjem du til eit flatare område med gras og små myrer. Brått lettar tåka. Framfor deg ligg ei lita hytte, spektakulært plassert ute på kanten av ein bratt skråning. Langt under deg ser du ein smal fjordarm, og i det fjerne: ein krittkvit isbre. Velkomen til Kiellandbu – ein magisk plass.

Turskildring
Bli med på ein guida fottur til ein av våre favorittstader! Vi møtast om morgonen i andre etasje på Tre Brør Kafé. Vi hilser på kvarandre og går gjennom turplanen. Ein halvtimes biltur tek oss til turens startpunkt.

Vår vandring byrjar ved den gamle kraftstasjonen på Hodnaberg ved Hamlagrøvatnet. Det inneber at vi er i fjellterreng heilt frå starten av. Vi følger først ein grusveg sørover medan vi vinn høgde. Deretter tek vi av inn på ein T-merkt sti, som delar seg ved Kvålsdalstjørni. Her kryssar vi den krystallklare elva på ei flott hengebru, før vi held fram sørover mot Hardingaskaret. Vi går nå på ei gamal handelsrute. Vår sti tek av skrått oppover mot Sveindalseggi, og syner eit stadig villare landskap kring oss. Etter eit flatare parti kjem vi til Kiellandbu, som er vårt mål for dagen. Her nyt vi vår velsmakande lunsj laga av lokalproduserte matrettar, medan vi beundrar den strålande utsikta.

På heimvegen følger vi anten den same stien tilbake, eller legg spora våre over Sveindalsnuten (1065) for å få enda betre utsikt. Kanskje vi kan freiste med eit friskt bad i eit kjølig fjellvatn på vegen tilbake?

Kva får du oppleva?
Kiellandbu er ei perle. Hytta er lett å gå til, her er sjeldan mykje folk, terrenget er variert og vakkert, og utsikta frå hytta er fantastisk. Vi følgjer eit flott vassdrag store delar av turen, med levande kulturlandskap, vakre blomstrar og beitedyr like ved stien. Turen gir ei vakker naturoppleving i vill vestlandsnatur, og eignar seg godt for turglade familiar.

Sesong
Bestilling er mogleg kvar dag i perioden 10.juni til 20.oktober.

Krav til deltakarar
Denne turen går i all hovudsak i lettgått fjellterreng på T-merket sti. Det er ein fordel om du har gått nokon turar i fjellet før, men det er ikkje eit krav. Du er i normal fysisk form og føler deg frisk.

Nødvendig bekledning og utstyr
På denne turen treng du:
- Gode sko eller støvlar til vandring i fjellet.
- Vind- og vasstette klede (skallbekledning).
- Liten ryggsekk (ca 20 liter).
- Ei ekstra t-skjorte.
- Ekstra ullgenser eller lett fleecejakke.
- Solbriller og solkrem.
- Vandrestaver er ein god idé.
- Lua eller caps.
- Drikkeflaske og litt tursnacks.
- Ta gjerne med badetøy og håndkle til returen.

Prisar og vilkår
Prisen for vaksne er kr 1790,- per person (minstepris kr 3580,-). Pris for barn mellom 8 år og 14 år er kr 1190,-. Vi innvilgar grupperabatt på 25 % for grupper med minst 4 personar.
Gruppestorleik: 2-12 deltakarar. Nedre aldersgrense er 8 år.

Inkludert i prisen:
- Følgje av ein kompetent guide på heile turen.
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.
- Informasjon og oppfølging før turen.
- Alt nødvendig tryggingsutstyr.
- Tilgang til den ubetjente DNT-hytta Kiellandbu (dagsbesøk).
- Leige av ekstra klede og vandrestavar.

Ikkje inkludert i prisen:
- Biltransport på strekninga Voss - Hodnaberg.
- Tog eller annan reisemåte til Voss.

Ved å reservera plass på denne turen aksepterer du våre kjøps- og avtalevilkår (https://www.wildvoss.no/dokumentasjon).

Litt om ansvarleg turisme og berekraft
Wild Voss jobbar kontinuerleg med å redusera det økologiske fotavtrykket til våre turar og aktivitetar. Vi følgjer dei oppdaterte GSTC-kriteriene for eit ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av turane våre kan du vera trygg på at:
- Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».
- Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogleg.
- Turane våre går til fots, på truger eller på ski. Ferda vår i naturen bidrar ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema omkring oss.
- Guiden din deler gjerne kunnskapen sin om lokal natur, kultur og stader vi besøker.
- Vi støttar ansvarlege, lokale bedrifter.
- Guiden din vil framsnakke varsam og naturvennlig ferdsel og auka medvitet ditt om lokalt dyre- og planteliv.
- Vi følgjer lovar og reglar for ferd i fri natur og i kulturlandskap.
- Vi jobbar for å minimera avfallsmengda, og vel derfor produkt og emballasje med lang levetid.

Har du spørsmål om turen?
Kontakt Øystein på +47 93484041 eller send ein epost til [email protected]

Kiellandbu turdetaljer
Samla distanse: Omtrent 12 km.
Estimert tidsbruk: Ca 6 timar frå bil til bil.
Samla stigning: 350 meter.
Turgradering: Blå - Middels
Familievenleg: Ja, for barn som har fylt 8 år.

Bestill her

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Høst

Map