Guide til skøyting

Gleda etter å ha vore ute i naturen er stor. Frihetsfølelsen av å skli bortover isen, gå dei første spora på ein fjelltopp eller skøyte rett bak trakkemaskina i langrennssporet. Me må utforska dei moglegheitane naturen gir oss og veke etter veke med minusgrader gir gode moglegheiter for skøyting. 

Turskøyting er ein fin måte å oppleva vinteren på, du kjem deg langt på kort tid, er i bevegelse og og kan utforske kjende område frå nye vinklar. 

Denne guiden er utvikla med Olav Bjelland Brekke, som er turleiar og styremedlem i DNT Ung Vaksen (i Voss Utferdslag). I guiden får du praktiske råd, tips til sikkerheit og utstyr, og konkrete tips for å koma i gang med skøyting. 

Kven passar skøyting for?

Alle! Du treng ikkje vere supertrent og det fins mange hjelpemidlar for nybyrjarar (som t.d. stavar, bruskasse eller støtt deg på nokon som er meir erfaren). Skøyting er god balansetrening og kan gjerast i eigna tempo, frå korte familierundar til lengre ekspedisjonar. Skøyting er også veldig sosialt, då ein enkelt kan gå saman med andre. Å møta folk på isen er litt som å møta folk i fjellet, sei gjerne hei og slå av ein prat. 

dame på skøyter, på Vangsvatnet (Voss)

mann på skøyter, står nærme kamera slik at du tydelig kan se at han har turskøyter og hjelm, på Vangsvatnet (Voss)

dame på skøyter, på Vangsvatnet (Voss)

Kva utstyr treng du? 

Det første du bør ta stilling til er kva skøyter du treng. Hockey og danseskøyter er leikne og er betre for spel og leik der ein treng å ta raske svingar. Turskøyter er betre for når ein vil gå langt eller berre gå på tur, her er fleire val som for eksempel skøyter som kan festast på skisko eller reimskøyter som kan festast på kva som helst tursko. Det er ofte mogleg å leige/låne skøyter av ulike aktørar – så det kan vera lurt å teste ulike skøyter før ein går til innkjøp. 

mann på skøyter, står nærme kamera slik at du tydelig kan se at han har skøyter og hjelm, på Vangsvatnet (Voss)

Utstyrsliste

Skøyter
Kan leigast hjå blant anna Outdoor Norway.

Ispiggar.
Skal henga rundt halsen, ikkje ligga i sekken.

Tau/Kasteline.

Vanntett sekk med ekstra klede.

Isspyd eller isbor
(for kontroll av isen, særleg viktig i starten/slutten av ein kuldeperiode)

Stavar (kan hjelpe med stabilitet)

Korleis kle seg til skøytetur? 

For at ein skal kunne skøyte må det vera kaldt, då er det viktig å kle seg riktig. Kor mykje klede du treng varier ut i frå kor aktiv du har tenkt å vera og om det er vind, men ein god regel er å kle seg etter 3-lags prinsippet. På store vatn har ein ikkje terreng som beskyttar deg frå vinden, ein er difor meir utsett for vind på skøyting enn t.d. på ski i skogen. I tillegg er det viktig å tenke ull heile vegen - det er alltid ein risiko for at ein kan gå gjennom isen. 

Baselaget:
Ull som transporterer fukt vekk frå kroppen.

Mellomlaget:
Isolerande lag som held på varmen. Ofte vert fleece nytta, men hugs at fleece blir kaldt om det bli vått. 

Ytterlaget:
Vind- og vanntett lag som beskytter mot vær og vind. (Det kan også vera lurt med ei boblejakke innanfor, om det er skikkeleg kaldt, eller du redd for å slå deg). 

Hugs også varm hua, vottar (gjerne med vindbeskyttelse/skallag) og gode ullsokkar. 

Kle deg slik at du kan regulera varme ved å ta av/på lag.
 

Tryggleik

Gjer alltid dine eigne vurderingar før du dreg ut på isen. Sjå gjerne varsom.no sin «isskole» om du er heilt fersk, eller bli med på guida tur med ditt lokale DNT/Utferdsalg. Som hovudregel bør det var minimum 10cm stålis, og du må kunne symja. 

mann viser ispiggene man har rundt halsen under isskøyting

Praktiske råd til tryggleik på isen:

Sjekk is-tilstanden og isvarsel
Du kan sjå lokale observasjonar på Varsom.no, Iskart.no og Varsom Regobs appen. 

Unngå utløp, elvar og straumsoner
Desse områda er kjent for å vera svake. Det kan vera vanskeleg å sjå mindre utløp i terrenget, så gjer deg kjent via kart før du skal ut. 

Ispiggar og kasteline
Ispiggar gjer ingen nytte i sekken - ha dei lett tilgjengeleg rundt halsen.

Sjekk temperaturhistorikk 
nyare varmeperiodar og/eller sol kan ha svekke isen, eller skapt fleire lag grunna overvatn. 

Skifteklede
Pakk sekk med ekstra klede i vanntett pose

Gå i lag med andre
Det er både kjekkare og tryggare å gå i lag. Du kan raskt bli redda og redda andre om nokon går gjennom isen. 

Les meir om isvettreglar her.

Forslag til skøytevatn

OBS! Gjer dine eigne vurderingar. Dette er vatn som er enkle å koma til og har parkering–moglegheiter, ikkje vatn som er vurdert i forhold til istryggleik. 

Vangsvatnet

Vangen - Hellesneset (ca. 30–40 min)
Ein fin tur for dei som vil ha litt lengde utan å reisa for langt.

Runde frå Vandrarheimen til Prestegardsmoen
Lett start for familiar og nybyrjarar, kortare og ofte i nærleiken av folk.

Vetlavatnet

Oppheimsvatnet

 

mann knyter skøytene sine ved Vangsvatnet (Voss)

mann på skøyter, på Vangsvatnet (Voss)

nærbilde av skøyter som skrenser på isen, mot kamera.

Korleis komme i gang med skøyting?

Olav beskriv skøyting litt som å sykla. Du må forventa å falla eit par gonger i starten, men dei fleste lærar fort. Ta på deg ei tjukk boblejakke og ta med deg nokon å støtta deg på, om du er redd for å falla.

Det er mange som organiserar turar og dette kan vera ein fin start, då blir det både ei sosial oppleving og du kan læra å gjera vurderingar av isen, av nokon med meir erfaring.