CBIS 6308050
CBIS 6308049
CBIS 6308051
CBIS 6308052
CBIS 6308054
CBIS 6308056
CBIS 6308057
CBIS 6308071
CBIS 6308072
Vis hele bildet
Voss

Hangurstoppen Restaurant

På toppstasjonen til Voss Gondol får du heimelaga mat av lokale råvarer, med gode smakar som varmer.

Hangurstoppen Restaurant er med sine 450 sitteplassar og to etasjar, Voss sin største restaurant og afterski. Her får du servert heimelaga mat av lokale råvarer, og menyen vert prega av det enkle og rustikke. Eit stort uteområde og store vindauge gjev deg godt utsyn til fjell- og naturområdet rundt toppen.

Opningstider:
10. juli - 27. juli 2019: Kvar dag frå 09:00 - 21:00 (Baren stengjer 22:30). Siste gondol ned klokka 23:00.
28. juli - 15. september 2019: Kvar dag frå 09:00 - 21:00. Siste gondol ned klokka 22:00.
16. september - 1. desember 2019: Kvar dag frå 09:00 - 17:00. Siste gondol ned klokka 18:00.

Meny:
På Hangurtoppen Restaurant er all mat laga frå bunn. Her får du servert heimelaga mat, med gode, lokale råvarer. Me har både varme og kalde retter.

Lunsjmenyen vår består mellom anna wrap med økologisk kylling, ciabatta med brie frå Ostegården og rugbrød med einerøkt regnbueaure frå Leiren laks.

Du kan og bestille retter gjennom heile dagen, som til dømes “Hang-burger” med kjøt frå Selheim Gard eller “Hangur-pølse” med kjøt frå Smalahovetunet. Her er noko for alle!

Sjå full meny her!

Grab and Go rettene er ferske retter som står klar i disk.
Varm lunsj og kveldsmeny produseres på kjøkkenet ved bestilling.

Kurs, konferanse og grupper:
Firma, grupper og organisasjoner er velkomne til Hangurstoppen Restaurant! Restauranten har møte- og konferansefasilitetar til omlag 50 personar.

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 25 August
  • 26 August
  • 27 August
  • 28 August
  • 29 August
  • 30 August
  • 31 August
  • 01 September

Map