Mølstertunet
Bordalsgjelet
Finnesloftet

Voss – ei mangfaldig bygd

Tekst: Eirik Helleve, Voss folkemuseum

 

Dei siste fem hundre åra har Voss endra seg mykje, slik alle bygder i landet har. Det store vendepunktet kom med Vossabanen i 1883. Dei siste tiåra har endringane kome utanfrå, med jazz og ekstremsport som to av stikkorda. Spesielt ekstremsportmiljøa har gjort at Voss i dag er ei svært mangfaldig bygd.

 

Voss var lenge eit samfunn med eigne tradisjonar og skikkar, og det var eit samfunn som endra seg seint. Dei aller fleste som budde i bygda dreiv med jordbruk. På kvar gard var det fleire bruk, og desse bruka hadde husa sine samla i eitt fellestun. Her var dei så godt som sjølvhjelpne, dei dyrka sin eigen mat og laga det dei trong av reiskap og bygningar. Nokre få ting måtte likevel kjøpast andre stader – alle reiste til Bergen eller Granvin for å kjøpa salt, til dømes.

 

Vangen var eit bygdesenter, men mest av di det var der kyrkja stod. Vangskyrkja stod ferdig mot slutten av 1270-åra, og prestegarden låg like ved. Bortsett frå dette var det få hus på Vangen. I 1801 var folketalet i det som i dag er Voss herad om lag 10 000. Berre 200 av desse budde på Vangen.
 

Voss sentrum - vangen, i 1847
Foto: Vangen, 1874. (Foto: Berent Anker Carstens/Voss folkemuseum)

 

Frå rundt 1800 steig folketalet, mest av di folk levde lenger. Her var ikkje næringsgrunnlag for ein stor folkevekst, og mange valde å utvandra til Amerika. Den fyrste familien utvandra frå Voss i 1835, og Voss vart ei av dei bygdene i landet med størst utvandring. Dei neste femti åra flytta om lag 5000 vossingar til USA, men folkeauken var så stor at folketalet på Voss heldt seg konstant i denne perioden.
Voss stasjon ved opninga av Bergensbanen, 1909. (Voss folkemuseum)

Foto: Voss stasjon ved opninga av Bergensbanen, 1909. (Voss folkemuseum)

 

Den store endringa for lokalsamfunnet kom i 1883, då jernbanen kom til bygda. I juli det året opna Vossabanen mellom Voss og Bergen. Det vart enklare å frakta varer inn og ut av bygda, og det vart endå enklare etter at Bergensbanen opna i 1909. Voss Skiferbrud vart grunnlagt i 1895, og vart den store verksemda i bygda dei neste tiåra. Dei sende store mengder skiferheller til Bergen, der dei hadde ei eiga lagertomt. Også andre verksemder kunne takka jernbanen for gode tider. Bulken meieri vart skipa i 1885, og det neste året leverte dei 200 tonn mjølk til Bergen.

Skanting av heller i skiferbrotet på Nesheim ca. 1910. (Johan von der Fehr/Voss folkemuseum)
Foto: Skanting av heller i skiferbrotet på Nesheimca. 1910. (Johan von der Fehr/Voss folkemuseum)

 

Jernbanen gjorde sjølvsagt òg at det vart lettare å frakta folk til bygda. Voss vart gradvis ein skulestad. I 1895 opna Voss folkehøgskule, som lenge var den største frilynde folkehøgskulen i landet. I 1916 vart det fyrste offentlege landsgymnaset opna på Voss.

 

Militæret på Vestlandet hadde lenge hatt samlingane sine i Vik i Sogn, men etter at jernbanen opna vart desse militærøvingane flytta til Voss. Her var militærleirar på Tvildemoen og Bømoen.

 

Jernbanen gjorde òg at det var lettare for turistar å koma til Voss, og her var i tillegg lett å koma til Sogn og Hardanger. Her var hotell også før Vossabanen opna, men dei neste tiåra opna ei rekkje nye hotell over heile bygda. På Vangen var Fleischer’s Hotel viktig, spesielt etter at dei bygde nytt hotell i 1889. Meir sentralt på Vangen låg Vossevangen hotell og Misjonshotellet. Utanfor sentrum var Stalheim hotel det største og beste, spesielt frå 1930-åra og framover.

Stalheim hotel, 1892. (Voss folkemuseum)
Foto: Stalheim hotel, 1892. (Voss folkemuseum)

 

Då Vossabanen opna i 1883 var altså Vangen ein liten tettstad. Så godt som alle bygningane låg mellom kyrkja og jernbanestasjonen. Dei fyrste tiåra av 1900-talet vaks Vangen og vart eit sjarmerande bygdesentrum, med éi gjennomgåande gate.

 

Det endra seg i 1940. Noreg vart invadert av Tyskland 9. april, og to veker seinare vart Vangen og delar av Vossabygda bomba i tre dagar. Ni menneskeliv gjekk tapt, og på Vangen vart meir enn 150 hus øydelagde.

 

Kort tid etter bombinga vart det lyst ut ein konkurranse om ny reguleringsplan for Vangen, og alt i juni 1940 vart vinnaren klar. Vinnarutkastet var utforma av arkitekt Leiv Tvilde og arkitektstudent Arne Berg, som begge var frå Voss. I framlegget deira var det to gjennomgåande gater. Atterreisinga tok for alvor til att etter krigen, og Leiv Tvilde var arkitekt for svært mange av bygningane på Vangen. Dette var med på å gjera Vangen til eit svært harmonisk bygdesenter dei neste tiåra.

Vangen etter oppattbygginga, 1963. (Widerøe/Voss folkemuseum).
Foto: Vangen etter oppattbygginga, 1963. (Widerøe/Voss folkemuseum).

 

I den andre halvdelen av 1900-talet kom verda for alvor til Voss. Her kom fleire turistar, og samfunnet vart i større grad prega av impulsar utanfrå. Jordbruket var framleis den største næringa, men ikkje i like stor grad som før. Her kom fleire turistar til bygda, og det vart òg langt vanlegare for vossingar å reisa på feriar utanlands.

 

I dag er her fleire små og store festivalar. Nokre av desse handlar om tradisjonell vossakultur som samlahove eller folkemusikk; andre handlar om noko heilt anna. Vossa Jazz har vore arrangert kvart år sidan 1974. Ekstremsportveko er den største festivalen i sitt slag i verda, og vart fyrste gong skipa til i 1998. Voss Cup er ein fotballcup for born mellom sju og tolv år, og samlar kvart år 7000 spelarar.

Fallskjermhoppere over Voss under ekstremsportveko
Foto: Fallskjermhoppara over Voss under Ekstremsportveko 2019 (Roy Wimmer Jaglon)

 

Vangen har altså vorte større og viktigare, men det er ikkje det same som at resten av bygda ikkje er viktig. Både i Raundalen og Myrkdalen ligg tilhøve godt til rette for friluftsliv, og der er mange hytter begge stader. Kommunen har òg vorte større dei siste åra, i 1964 slo dei tre kommunane Evanger, Vossestrand og Voss seg saman under namnet Voss kommune, og i 2020 slo denne kommunen seg saman med Granvin herad.

 

Historia om korleis Voss vart Voss vert fortalt i utstillinga «Utsyn mot Voss» på Voss folkemuseum, som opna sommaren 2021. Utstillinga dekkjer dei siste 500 åra, frå mellomalderen og fram til i dag. Her finn du mellom anna folkedrakt og fallskjermdress, eldre hardingfelespel og nyare rock, og presentasjonar av femti personar som har prega bygda eller utmerka seg på sine område. Utstillinga vert avslutta med eit sitat fallskjermhopparen Anna Moxnes frå Wales:

 

«Sett bort frå at det er så vakkert her at du stadig vender tilbake: Voss er heilt spesiell for meg, fordi det er ein liten plass som er grenselaus i høve til draumar og ambisjonar … dette appellerer til meg. Folk på Voss både kan og FÅR kva som helst til å skje … dette er staden der sprø idear vert omfamna og meistarar veks fram.»

Opplev historia og kulturen vår:

Historie, galleri og museum

 

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Festivalbygda Voss

Festivalane på Voss er svært viktig for bygda og for resten av verda. Folk reiser langt for oppleve naturen, kulturen og stemninga under t.d. Vossa Jazz og Ekstremsportveko.  

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Aktiviteter

Har du eigentleg vore på Voss om du ikkje har gått på fjellet eller jakta pudder? Med Voss Gondol er Vossafjella tilgjengeleg for alle, og hjå Myrkdalen skiskule har dei t.d. sitski. På Voss skal både natur og aktivitet vera ope for alle, les meir om det her: Voss - Eit reisemål for alle. Her er nokre opplevingar du bør få med deg på Voss: 

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Matbygda

Det er utruleg mange gode restauranter og matopplevingar å få med seg på Voss. Fleire har fokus på lokalmat og kortreiste råvarer. Her er eit utval restauranter og kaféar med min 25% lokalmat på menyen:

<% totalFilter %> filter applicerade