KULTURVANDRING PÅ VOSS
Kulturbygda Voss har mykje flott gatekunst og statuar av interessante personar, som har tilknyting til Voss. Ta deg ein tur i sentrum og ta ein titt!
Utforsk kulturbygda Voss
Her kan du sjå kulturopplevingar i ekstremsportbygda. Voss har rike tradisjonar og mange engasjerte folk som står klar for å ta i mot deg!
Kva med eit besøk i den berømte vinkjellaren på Park Hotel Vossevangen? Her får du omvising og historier frå ein av Norges største vinkjellarar. Inkl. i prisen er også eit glas med musserande ved ankomst.
Eller kva med ei omvising og smaking hjå Voss Fellesbryggeri? Ølet her blir brygga av lokale ølentusiaster som ynskjer å bygga vidare på dei rike mat- og drikketradisjonane på Voss. I løpet av ei omvising får ein fleire smaksprøvar, nokre røvarhistoriar og ein får sjølvsagt moglegheit til å kjøpa med seg favorittane heim.
Pratande statuar
Ta turen gjennom Voss sentrum og møt nokre av dei mest kjente vossingane. Følg vår anbefalte rute og spel av videoane når du kjem til stauen - så presenterer dei seg sjølv.
Knute Rockne
Per Sivle
Simons-Margreta
Lars Tvinde