Foto:
Store Ringheim
Hovudrett som vert dandert på Store Ringheim
Sivle Gard
Foto:
Sverre Hjørnevik, Myrkdalen
Pizzabaking i restaurant Tunet i Myrkdalen

Lokalmat frå Voss - på Voss!

Skal du til Voss bør du inkludere nokre smaksopplevelser i programmet.

Voss er ei matbygd med ein sterk matkultur og mange spennande rettar å prøve. Du har kanskje høyrt om Vossakorv og Smalahove? Dette er tradisjonsrike rettar, men du får også servert lokale råvarer med i moderne meny.

På Voss jobbar fleire bedrifter og produsenter litt ekstra for å nytte lokale råvarer.

For at det skal bli lettare å finne dei gode matopplevingane på Voss har me laga ei oversikt over serveringssteder med lokalmat på menyen. 

Velbekomme!

Her finn du lokalmat på menyen:

Flor'n 

Store Ringheim, Dronebilde

Menyen på Store Ringheim Hotel og Restaurant vil utover året spegla råvaretilgangen og kortid dei ulike råvarene har best kvalitet. Kokken sett saman ein spanande meny, med gode lokale råvarer. Mykje godt og ureist frå Finne Gard, Dugstad Gard, Selheim Gardslakteri og Gjerdåker. Velkommen innom for ei smaksoppleving!

Myrkdalen Hotel

Pizza i Tunet restaurant i myrkdalen

På Myrkdalen Hotel finn du heile tre gode restaurantar med ulike konsept. Til felles byr alle på smakfulle rettar laga av reine, lokale råvarer. Finn din favoritt, anten det er steinovnsbakt pizza med familien i Tunet eller ein finare trerettar meny i Restaurant Nuten. Ynskjer du ei sosial matoppleving med venegjengen? Sjekk ut Nuten Fondue.

Elva Restaurant

Elva restaurant, sommar

Kjøkkenteamet på Elva skapar dei lekraste rettar frå lokale og ferske råvarer frå vår region. Vi samarbeider tett med lokale bønder og produsentar. Berekraft og dyrevelferd er viktig for oss. Menyen vert endra gjennom året basert på sesongens tilgang på råvarer, samt at enkelte rettar kan endrast dagleg.

Vossakjøt

vossakjøt på stand og innklipp av spekemat og steikepølser

Vossakjøt er smaken av førsteklasses råvarer og lokale foredlingstradisjonar. Me får kjøtet frå utvalde slaktarar som er like stolte av sitt fag som me er av vårt, og behandlar det med metodar som er perfeksjonerte gjennom generasjonar. Prøv vossakorv, eldhuskorv og andre smakfulle spesialitetar. Mange av dei lokale restaurantane har Vossakjøt produkt på menyen og i dei fleste lokale butikkane kan du kjøpe med dei ei rekke smakssuvenirar. 

Vossakjøt, Vossalaks, Vossaost, Vossabrygg, Hardanger brygg og Vossavatn har mykje å bidra med for å ivareta mat og drikke tradisjonen på Voss. Les meir om alle satsingaområda til Vossakjøt på heimesida deira: https://www.vossakjot.no

Voss Vandrarheim

Voss Vandrarheim sett frå finnegarden på Voss

Frå midten av juni til ut august, blir det servert dagleg heimelaga mat i sommarrestauranten. Vandrarheimen samarbeider med Finnegarden og serverar kun økologisk frukt & grønt. Brødet er også baka på Voss.

Smalahovetunet

Smalahove servert med tilbehør

Smalahovetunet Voss er ei familieverksemnd på garden Løne på Voss. Smalahovetunet er den einaste smalahoveprodusenten i landet. I tillegg til smalahove lagar dei pinnakjøt, rullepølse, korv og mange andre tradisjonsrike kjøtprodukt. Varene får du kjøpt i gardsbutikken og nettsida deira. Smalahovetunet har også flotte lokale som gjev den perfekte ramma for festlege lag. I Stabburet frå 1700-talet, Grindabygget eller Laoen kan ein få servert smalahove, pinnakjøt, rjomegraut, spekemat, flatbrød og alt som høyrer til. Det er også mogeleg å få omvisning på smalahovefabrikken.

Ekstremsportveko

Food at the extreme sports festival "Veko". Photo leads to veko's homepage.

På festivalarenaen finn du ein god meny. Klassikarane som hakk-i-poto og pizza med lokal spekemat er tilgjengeleg heile veka. Under næringsarrangementet Last Thursday får du alltid den velkjente og velsmakande grillbuffeten til Ekstremsportveko.

Fleischer's Hotel

Fleischer's hotel i vinterlandskap

Fleischer's står for kortreiste, regionale og sesongbaserte råvarer. Rettane representerar både lokal forankring og kontinentale vaner.

Gardsutsal

Vil du sikra deg skikkeleg korteist mat kan me anbefala deg å besøka eit gardsutsal eller ein butikk som er skikkeleg god på lokalmat. 

Sjå vårt oversiktskart her:

Aktiviteter som bygger opp appetitten

<% totalFilter %> filter applicerade