cbis:2154187
cbis:2154187
cbis:2154187
Voss

Ølsmaking på Voss

Bli med leiar og ølbryggar Rune Midttun på smaking av lokalt øl, brygga med kveik!

Dei to bryggeria på Voss, Voss Fellesbryggeri og Voss Bryggeri, har slått seg saman for å satse breiare på det beste innan ølkultur. Dei opnar dørene og tilbyr ølsmaking på bryggeriet. Det er gründer og dagleg leiar sjølv som tek i mot dekan. Her vil de får høyra om korleis dei lagar øl, sider og sterkare saker. Vidare får de høyra ein del om ølets historie, spesielt i Norge. Dei har fokus på urgjæren kveik og dette er verkeleg spennande saker.

Undervegs får de smaksprøvar på både øl og sider og det vert heilt sikkert nokre røvarhistoriar.

Praktisk info:
Smakinga varar i ca. 1,5t
Det er inkl. 4 smaksprøvar

Pris:
4500kr opp til 10 pers, deretter 450 per pers.
Maks 25 deltakarar på Bryggeriet.
Er de ei gruppe på meir enn 25 personar kjem ølbryggar til deg, enten på eit av hotella eller til andre selskapslokale på Voss.

Bryggeriet tilbyr også matservering frå lokal kokk, Anders Handal Nilsen, som kan nytast i forbindelse med smakinga.
De kan velge mellom to menyar:
Øl-gryte med lokalt storfekjøt m/ småpoteter, bacon, løk. kr 325,- per person
Ost og spekemat med tilbehør m/ smør, surdeigsbrød. kr 285,- per person
Matservering krev ei gruppa på minimum 10 personar.

Bryggeriet har også utsal innanfor vanlege salstider, så her er blir det høve til å kjøpa med seg favoritten heim!

Booking via e-post direkte til Voss Fellesbryggeri.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
  • Høst

Map