Rallarvegen
©Terje Rakke, Nordic Life As, FjordNorge As

Rallarvegen

Rallarvegen er den gamle anleggsvegen langs Bergensbanen frå Haugastøl til Voss. Ein kultur-, sykkel- og gangveg, bygd i åra 1895-1902. Turen er fleire gonger kåra til Norges vakraste sykkelveg. Det er ein unik tur med mektig landskap noko som gjer at den no er på mange si "bucket list". Ta toget til Finse eller Haugastøl og sykle til Myrdal. Herfrå kan ein ta toget til Voss eller ta toget til Upsete, før ein fortset sykkelturen tilbake til Voss! Ta kontakt med turistinformasjonen om du treng meir informasjon.

Ruteskildring
Ta toget til Finse. Det går sykkeltog frå midten av juli til midten av september. På alle andre tog må sykkel ekspederast. Eventuelt leig sykkel på Finse, dette må førehandstingast. Frå Finse syklar du Rallarvegen til Hallingskeid og Myrdal. Dette er ein flott sykkeltur i høgfjellet. Hugs at været kan vera skiftande i høgfjellet så ta med deg riktg klær. Frå Myrdal kan du reisa vidare til Flåm eller ta lokaltoget tilbake til Voss. Du kan også gå av på Upsete og sykla tilbake til Voss.
 

kart over rallarvegen, ut.no
Du kan lesa meir om turen på f.eks ut.no. Klikk på kartet for å gå til ut.no.

Totalt: 82 km
38 km frå Finse - Mjølfjell
44 km frå Upsete - Voss

Meir info:
www.rallarvegen.com

For info om sykkelpakker:
Fjord Tours
www.fjordtours.no

Toginfo:
Vy
www.vy.no

Tags
sykkelrute