Voss
Ringheim Kafé
På Ringheim Kafe og Restaurant finn du fagkokkar med meir enn 40 års erfaring i produksjon av utsøkt kvalitetsmat - kald og varm. Gjesten er i fokus, og kun dei beste råvarane blir nytta.
Kafeen har vore i drift sidan midten av 50 tallet, og er ein møteplass på Voss for unge og gamle. Det er gode tilbod kvar dag, med dagens middag og dagens suppe. Kom innom og nyt eit godt måltid, noko godt å drikke eller noko søtt.
Me tilbyr gode og ferske matrettar med kortreiste råvarer. Hjå oss kan du nyta ein kopp kaffi, lesa dagens aviser, gratis Wi-Fi, nysteikte lappar, dagens middag, våre populære “blingsar” og mykje anna.
På kafeen finn du også ein eigen barnekrok, der borna kan kose seg med leiker og tegnesaker.
Opningstider: Man - Fre 10.00 - 18.00
Lørdag: 10.00 - 17.00
Søndag. 12.00 - 18.00