Ski- og familiebygda
Det er få plassar som Voss, for familiar som vil stå på ski og leike seg!
Voss er ein liten stad med stor personlegheit og her ligg alt til rette for å kunne skapa nye minner og tilbringe kvalitetstid sammen. Du finn tre ulike skianlegg (to for slalom og langrenn og eit for langrenn), eit koseleg sentrum med butikkar, kaféar og restaurantar, samt mange kjekke aktivitetar for store og små.
Gled dykk til mykje leik og morro både i og utanfor skibakken.
Morro frå morgon til kveld
Ein heil dag ute i snøen, varm kakao i frisk vinterluft og så, når mørket fell, lyser bakkane opp og eventyret held fram! I Voss Resort kan du stå på ski frå morgon til kveld på tysdagar, torsdagar og fredagar.
Voss Resort er det største skianlegget på Vestlandet. Her kan du boltre deg i heile 40 kilometer preparerte alpinløyper og 24 varierte nedfartar. Du kjem deg enkelt til bakken via eit av dei to velkomstsentera, i Bavallen og på Hangurstoppen.
Kveldskøyringstilbodet er eit av dei beste i Europa, med over 11 km lyssatte løyper i alle vanskegrader, frå grøn til svart. Her får du ei unik skioppleving også etter at sola har gått ned. Med godt lys og god plass i bakken er kveldskøyringa perfekt for familiar som ikkje er klare for å gå heim inn heilt enno.
Prøv noko nytt i vinter
Har du hatt ein drøym om å ta med heile familien på topptur? Eller å gi heile familien ei unik overnatting? Skap eit minne for livet, med våre tips til aktivitetar.
Hjå Elva Hotell har dei vedfyrt badstove og store utandørs boblebad, som gir den perfekte avslutninga etter ein dag på ski, topptur eller berre frisk luft. For dei som vil bli verande har hotellet også familierom, med plass til inntil fire personar, slik at heile familien kan oppleve ro og komfort i spektakulære omgjevnader.
I vår guide til kulturvandring, kan du møta kjende vossingar, som me har brakt til live med hjelp av AI. Ei spennande oppleving som gjer statuane i bygda litt meir spennande. *Obs! Kun på engelsk.
Sjå vårt forslag til aktiviteter i feiren.





