Skitur over Folgefonna - Norges tredje største isbre, Hardanger Fjellguide
Turen kan gjennomførast på tre dagar, med krevjande oppstigningar, vakre brefall og utsyn mot Hardangerfjorden, Rosendalsalpane og Hardangervidda. Historisk har breen vore ein viktig ferdselsveg, og i dag er han eit populært reisemål for friluftsinteresserte. Turen egnar seg best om våren og kan gjerast med telt eller frå hytte til hytte.
Praktisk info
Alle deltakarar blir invitert til eit digitalt informasjonsmøte (Teams) to veker før turen. Her går vi gjennom rute, utstyr, tryggleik og svarar på spørsmål.
Turen krev minimum 4 og maksimum 12 deltakarar. Vi er alltid to guidar med på turen for å sikre tryggleik og ei best mogleg oppleving for gruppa.
Vårsesongen på Folgefonna gir stabile snøforhold og lange, lyse dagar – den beste tida for ein slik tur.
Ta kontakt dersom du har spørsmål eller ønsker å reservere plass. Me gler oss til å ta deg med over breen!