Topp tre inneaktivitetar på Voss
Herjar vestlandsvêret som verst, eller treng støle bein ein aldri så liten pause? Her er våre beste tips til dei aller beste inne-aktivitetane på Voss.
1. Voss Vind
Vil du kjenna på korleis det er å fly? VossVind er Noregs fyrste vertikale, resirkulerande vindtunnel, og her kan du fly i trygge og kontrollerte omgjevnader. Dette er ein spennande og minnerik aktivitet, som passar for alle aldrar. Nedre aldersgrense er 5 år, og den eldste som har flydd i vindtunellen er 100 år!
Med ein grunnpakke på 3 minutt, får du to runder med flyging inne i tunnelen på 1,5 minutt. Du får også instruksjon i førekant, leige av utstyr og ein instruktør som er med deg heile tida inne i tunnelen.
2. Voss Bowling
Eit slag bowling er perfekt for inne-dagar, og får som regel opp konkurranseinstinktet hjå heile familien! Hjå Voss Bowling finn du 8 bowlingbanar, biljardbord, eit spennande leikeland for borna på 300 kvadratmeter, og restaurant med mykje god mat og drikke på menyen.
3. Vossabadet
Velkomen inn i Vossabadet! Her er det noko for ein kvar smak, og tre ulike basseng:
- Treningsbassenget: 25 meter langt og held internasjonal konkurransestandar. Med seks symjebaner er det god plass til både mosjonistar og aktive symjarar. Her vert det også lagt ut ein kjekk hinderløype i helger og ferier!
- Stupebassenget: Djupt stupebasseng og stupetårn med ein-, tre- og femmeter, og ei sklie frå toppen av femmeteren.
- Opplæringsbassenget: Deilig basseng som held 32 grader. Spesielt populært blant barn, familiar og eldre!
Vossabadet har også badstu og kiosk.
Bonustips: