Stalheimskleiva
NB! Stalheimskleiva er inntil vidare stengd for alle besøkjande
...attraksjonen mellom fossane!
Stalheimskleiva er ein av dei brattaste vegane i Nord-Europa, bygd i perioden 1842-1846. Den 1,5 km lange vegen slungjer seg i 13 bratte hårnålssvinger mot toppen, der du finn Stalheim Hotel. Her er det ein fantastisk utsikt mot Nærøydalen - eit område på UNESCO si Verdsarvliste. Du får også utsikt mot Stalheimsfossen og Sivlefossen, som ligg på kvar si side av kleiva.
Vegen er for tida stengt grunna vedlikehaldsarbeider. Dette gjeld også for gåande og syklande.