Topp 10 Instaspots på Voss

Av Karoline Fosse

Hangurshusko

  hangurshusko   hangurshusko
Foto 1: Voss Resort | Foto 2: Karoline Fosse

Denne huska finn du 820 moh! Dette er både eit verdig instabilete og faktisk ei minnerik oppleving. Siden huska kom opp sommaren 2021 har den alt blitt ein stor favorittt blandt store og små. Ikkje så rart med den utsikta kanskje? Hangurshusko finn du langs Hanguren Panorama. Hanguren Panorama er ei universelt utforma rundløype på ca. 1 km, som ligg rett ved siden av toppstasjonen til Voss Gondol. 

Trehusker med Vangsvatnet

Dame på huskene i prestegardsmoen, med utsikt over vangsen   huskene i prestegardsmoen, med utsikt over vangsen   Dame på huska ved voss vandrarheim, med utsikt over vangsen
Foto: Karoline Fosse

Kva er vell meir instagram-vennleg enn ei skikkeleg trehuske med unik utsikt? Like ved Voss Camping heng to husker. Frå huskene har du flott utsikt over Vangsvatnet og Gråsida. På bilete til høgre ser du ei anna huske. Denne heng mellom flotte epletre rett ved Voss Vandrarheim. 

Fototips: Desse to bileta er tatt med portrett modus med telefonen. Eg anbefaler verkeleg å prøve dette om du ynskjer å ta bileter til Instagram. 

Bordalsgjelet

bordalsgjelet om sommaren  
Foto: Karoline Fosse

Bordalsgjelet er forma av elva gjennom tusenvis av år og er ein spektakulær naturattraksjon. Om sommaren er fjellsida dekka i grønt og område ser veldig tropisk ut. Bordalsgjelet er kun 2km frå Vangen og er ein fin gåtur. Ein kan også køyre hit. Frå Vangen køyrer ein mot  Voss Amfi, ta til høgre rett etter langabrue. Følg Gjernesvegen om lag 2km til du kjem til ei ny bru, rett etter brua er det tilrettelagt parkering og infoskilt. 
Fototips: Bruk vidvinkel om du har det!

Hedleberget

hedleberget, instaspot på voss
Foto: Visit Voss

Hedleberget er eit gamalt skiferbrot med mykje historie. Det er ein kort tur frå parkeringa til togskinnene og på vegen ser du vakre, gamle hytter og eit konsertområde laga i skifer. Frå togskinnene ser ein Skulestadmo og majestetiske Lønahorgi. Frå Voss sentrum køyrer du E16 mot Oslo, ved Coop Extra i Skulestadmoen tar du mot Nedkvitne. Køyr forbi Voss Active og etter eit par hundre meter tar du til høgre mot Almeland. Ta til høgre igjen, inn på Reppavegen. Snart kjem du til eit nytt kryss og på venstre side ser du Voss Bryggeri. Ta til venstre mot Voss Bryggeri. Køyr forbi bryggeriet, oppover vegen, til du ser skilt mot Hedleberget inn til venstre. Tilrettelagt parkering før bommen på vegen.

Liaset

Utsikt frå Liaset mot Voss og Lønahorgi
Foto: Karoline Fosse

Frå Liaset er det fantastisk utsikt mot Lønavatnet og Lønahorgi. Ein kan køyre heilt opp Lemmesvegen om ein betalar bompenger, eventuelt kan ein parkere på tillaga parkeringsplass i starten av Lemmesvegen og gå nokre kilometer til toppen. Er du heldig møter du på nokre kyr eller sauer som ruslar rundt. Liaset er også veldig fint om kvelden. 

Solnedgang på Ronve

Jente som klatrar i tra på Ronve i solnedgangen
Foto: Karoline Fosse

Det er ikkje lett å fanga ei skikkelig solnedgang, spesielt då Voss er omgitt av høge fjell. Tar du turen opp i fjella er det der i mot større sjanse for å få fine bilete. Dette bilete er tatt på Ronve. For å køyre hit føl du Bordalsvegen nokre kilometer. Ta til venstre og følg Sonvesvegen. Køyr til du kjem til eit kryss med mange store hytter, her tar du til venstre og køyrer vidare til du ser utsikta mot Voss. Solnedgangen herifrå er flott heile sommaren, men dei aller beste kveldane får ein på slutten av våren, seinsommaren eller tidleg haust. 

Vangsvatnet om morgonen 

Jente som slapper av i ei hengekøye. Vangen speglar seg i vangsvatnet i bakgrunnen.    Vangen speglar seg i eit blikkstille vangsvatn om morgonen
Foto: Karoline Fosse
 

Om morgonen er Vangsvatnet ofte blikstille og spegelblankt. Om du veit at det vert ein dag med lite vind anbefaler eg å ta turen til Vangsvatner før klokka vert 10. Sjekk gjerne værmeldinga på t.d. www.yr.no. Dette er den beste sjansen til å få oppleve skikkeleg spegl effekt i vatnet og å ta nokre fantastiske bilete. Om du verkeleg vil nyte utsikta kan du henge opp ei hengekøye ved Voss Vandrarheim. Du kan også overnatte og få frukost her, mot betaling. For ein plass og vakne på!

Prestegardsalléen

Dame og hund på tur gjennom prestegardsalleen ein fargerik haustdag.
Foto: Karoline Fosse

Om du går frå Vangskyrkja i sentrum mot Prestegardsmoen finn du ein nydeleg allé. Det er tre med store lauv på begge sider av vegen. Om sommaren er alle trea grøne, medan dei i september vert gule og raude. Dette er ein perfekt plass å ta t.d. outfit eller tur bilete. 
Fototips: Denne plassen ser bra ut uansett, ein har sentrum og butikkane på ei side og Vangsvatnet og naturen på andre sida. Det er mange måtar å få fine bilete her, men prøv å leik deg med både portrett modus, vanleg utsnitt og vidvinkel. 

Eventyrleg skog

sola skinner gjennom tett skog  eventyrleg skog, på voss
Foto: Karoline Fosse

Voss har mange skogområde med høge furutre og mosekledde stiar. Det ser ut som om ein har gått rett inn i eit av Askeladden sine eventyr. Køyrer du langs Raundalselva finn du mange skogar og stiar som er perfekt for å ta Instagram bilete. Om du ikkje har bil kan du gå til skogsområde i Prestegardsmoen, ved Voss Camping. Hugs å prøve ei av huskene om du tar turen hit! Eventuelt kan du sykle til Bømoen på ein elsykkel, som du kan leige gjennom VossaBike. Skogen ser heilt magisk ut i solskinn, men dette er også ein perfekt aktivitet på regnværsdagar. Dei høge og tettgrodde trea vil ta i mot noko av regne og halde deg nokolunde tørr.
Fototips: I bilete over har eg brukt vidvinkel, men ein kan skape ei heilt anna stemning med t.d. portrettmodus. Prøv å ta bileta frå bakkenivå – froskeperspektiv. 

SUP brett og kajakk på Vangsvatnet

Ein hund og to jenter på SUP-brett på Vangsvatnet   tre jenter på sup-brett på vangsvatnet
Foto: Karoline Fosse
 

Utforsk Voss frå eit nytt perspektiv, med SUP brett eller kajakk på Vangsvatnet. Ein kan padle både over vatnet eller langs stranda. Du kan leige utstyr hjå t.d. Voss Vandrarheim eller Outdoor Norway. Desse bileta er tatt med Gopro kamera, med vidvinkel. GoPro kamera er perfekt fordi det toler vatn. Vær forsiktig så du ikkje mister telefonen din i vatnet. Ta med ein venn så ein kan ta bilete av kvarandre.