Velkomen til Voss – Norges ekstremsport hovudstad og stolt vertskap for den nyaste sesongen av Kompani Lauritzen. Bli med oss på ei uforgløymeleg reise gjennom spektakulære landskap, utfordrande aktivitetar og autentisk kultur. Frå den augneblinken deltakarane i Kompani Lauritzen sette sine føter i bygda, vart dei ein del av Voss' eventyrlege essens. No har du også høvet til å dykka inn i denne unike opplevinga.

Kompani Lauritzen viser fram Voss frå si mest spektakulære side, og no er det din tur til å oppleva alt dette sjølv. Anten du er på utkikk etter spenning, ønskjer å nyta naturen eller utforska lokal kultur, inviterer me deg til å følgja i fotspora til Kompani Lauritzen her på Voss.

Sjekk ut "Den store Vossaguiden"

Aktuelt

Aktiviteter og områder frå dei siste episodane av Kompani Lauritzen 2024.

Kompani Lauritzen - Deltakerne: Aleksander Sæterstøl, Vår Staude, Stinius Maurstad, Nora Haukland, Mikkel Bratt Silset, Silje Nordnes, Jonas Lihaug Fredriksen, Hedvig Sophie Glestad, Robin Hofset, Mona Berntsen, Knut Marius Djupvik, Alexandra Rotan, Rauand Ismail, Karin Klouman
Kompani Lauritzen - Deltakerne: Aleksander Sæterstøl, Vår Staude, Stinius Maurstad, Nora Haukland, Mikkel Bratt Silset, Silje Nordnes, Jonas Lihaug Fredriksen, Hedvig Sophie Glestad, Robin Hofset, Mona Berntsen, Knut Marius Djupvik, Alexandra Rotan, Rauand Ismail, Karin Klouman
Kompani Lauritzen - Deltakerne: Aleksander Sæterstøl, Vår Staude, Stinius Maurstad, Nora Haukland, Mikkel Bratt Silset, Silje Nordnes, Jonas Lihaug Fredriksen, Hedvig Sophie Glestad, Robin Hofset, Mona Berntsen, Knut Marius Djupvik, Alexandra Rotan, Rauand Ismail, Karin Klouman
Kompani Lauritzen - Dag Otto Lauritzen og Kristian Ødegård
Kompani Lauritzen - På oppstillingsplass: Aleksander Sæterstøl, Vår Staude, Stinius Maurstad, Nora Haukland, Mikkel Bratt Silset, Silje Nordnes, Jonas Lihaug Fredriksen, Hedvig Sophie Glestad, Robin Hofset, Mona Berntsen, Knut Marius Djupvik, Alexandra Rotan, Rauand Ismail, Karin Klouman
Kompani Lauritzen - På oppdrag i fjella på Voss
Kompani Lauritzen - Fenriken: Geir Aker

 

Aktiv ferie på Voss

Voss har lenge vore eit ynda reisemål for eventyrarar frå heile verda. Om ein ikkje kan fylgja i alle fotspora som Kompani Lauritzen har gått i eller aktivitetane dei har gjort, så har Voss eit mangfald av aktivitetar som passar for store og små som liknar aktivitetane dei har gjort.

Sjå fleire aktivitetar under

<% totalFilter %> filter applicerade

Fantastiske Voss

På Voss er det mange nydelege plassar ein bør sjå, og videoen under gjer deg ein god oversikt over plassar du bør besøka når du er på Voss.

Sjå heile videoen på Youtube for å sjå kva dei ulike plassane heiter.

Youtube video image

Overnatting på Voss

Når ein har vandra i fjella, vore på familierafting eller hoppa i fallskjerm, er det viktig å lada batteria og vera klar for nye eventyr dagen etterpå. 

I lista under kan du sjå mangfaldet av overnattingsplassar me har, og velja det som passar deg og dine best.

<% totalFilter %> filter applicerade

Om Kompani Lauritzen

I sitt nye hovudkvarter på Bømoen leir på Voss inviterer Dag Otto Lauritzen og Kristian Ødegård, 14 kjendisar til å delta i eit militært regime der dei får høvet til å kjenna på frustrasjon, fortviling og frykt i jakta på å bli ein betre versjon av seg sjølv.

Kompani Lauritzen er tidenes største sjåarsuksess på TV2 og kvar sesong vert sett at 2 370 00 sjåarar (tal frå TV2). Dei fyrste sesongane har vore spelt inn på Setnesmoen leir i Romsdalen kommune, produksjonsselskapet og TV2 var no på jakt etter ein ny lokasjon til innspeling av dei neste sesongane, og valget enda til slutt på Bømoen Leir på Voss. Kompani Lauritzen er eit «realitykonsept» med ein positivt bodskap, som har skapt stort engasjement. 

Les meir her

Dag Otto Lauritzen og Kristian Ødegård