cbis:2604481
cbis:2604481
cbis:2604481
cbis:2604481
Granvin

Topptur på ski i Hardanger og Voss

Guida toppturar
Hardanger fjellguide tilbyr guida turar på ski. Me har lang erfaring og lokal kjennskap til toppturar i områdene rundt Hardanger og Voss. Vårt fokus er å tilby trygge turar, flotte naturopplevingar og å gje deg ein god opplevelse i fjellet.

Døme på turdestinasjonar: Osafjellet, Oksenhalvøya, Raundalsrygge, Storeflåtten og Myrkdalen. Sjå alle våre turar på vår heimeside.

Kveldsturar og måneskinsturar
Kraftige lykter har gjort toppturar til kvelds- og nattaktivtet. Lite kan måla seg med turar i solnedgang og måneskin, pudderturar med nedkøyring i ljoset frå hovelykta, eller turar der ein er heldig og får sett nordljoset frå toppen. Me tilbyr turar der du kan få oppleve alt dette - om vær og føre tillater det.

Dagsturar og overnattingsturar
Me tilbyr og skreddersydde toppturar, både dagsturar og overnattingsturar. Ta gjerne kontakt med oss om du har ein tur du ynskjer å få gjennomført, eller meld deg på ein av våre oppsatte turar frå turprogrammet.

Praktisk info og sikkerheit
På turar i bratt terreng er det påkrevd med skredsøkar, søkestang og spade.
I god tid før avreise sender me deg ei utstyrsliste og all praktisk informasjon.
Utstyr
Skisekk med gode fester til å bære ski på sekken, og fleire rom til div utstyr, mat, drikke etc.
Randonèe (toppturski/telemarkski), skisko og staver
Skihjelm
Skarejern (valgfritt)
Skifeller (sjå over at fellene har god lim og dekker ut til stålkanten)
Skredsøker, spade og søkestang (sjekk batteri)
Repsett (i tilfelle bindingen eller noko ryker)
30-40L sekk
Solbriller
Goggles / skibriller
Termos med varm drikke og matpakke
Bekledning
isolerende undertøy (ull)
ekstra skift ull-undertøy.
ekstra lue, hansker/votter
isolerende mellomlag (ull / fleece)
vind/vanntett ytterbekledning
lue
hansker/votter
isolasjonsjakke (dun, primaloft eller ull)
Prøv å hold vekta på sekken lågast mulig uten at det går på bekostning av sikkerheit og turglede.

Tidspunkt
Dato: Frå desember til midten av mai
Lengde: Etter eige ynskje

Erfaring
Me kan tilby turar til alle uavhengig av erfaring. Det er ein fordel at erfaringa i dei enkelte gruppene er forholdsvis lik.
Alle våre turar blir tilpassa gruppa etter lengde på opphald og erfaring.

Prisar
Skikøyrer / Guide = NOK per skikøyrer pr dag
1:1 = 5200 NOK
2:1 = 2600 NOK
3:1 = 2300 NOK
4:1 = 1700 NOK
5:1 = 1600 NOK
6:1 = 1500 NOK
Max 6 gjester pr guide.
Priseksempel: 6 deltakarar: 6 x 1500 = 9000 NOK
Inkludert i prisen:
– alle utgifter til guide og alt av felles utstyr
– formidle kunnskap om skredtema og skredvurderingar, skikjøring, vinterturtips, høgfjellsvurderingar, skiteknikktips mm
– Lokalkjente guider med lang erfaring og høg kompetanse.

Ikkje inkludert i prisen:
– personlig ski-/skredutstyr
– transport
– overnatting
– mat og drikke
– reiseforsikring

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Vinter
  • Vår

Map