Vangen Café
Sara Finne
Vangen Café
Sara Finne
Vangen Café
Sara Finne
Vangen Café
Sara Finne
Voss

Vangen Café

På Vangen Café får du tradisjonelle rettar laga frå botnen, midt i sentrum av av Voss.

På tradisjonsrike Vangen Café får du servert heimelaga mat, i eit lyst, triveleg og stilig lokale midt på Vangen.

Heimelaga, økologisk og kortreist er viktige stikkord for maten på Vangen Café, og gode råvarer og dyrevelferd er viktig for drivarane av kafeen. Her vert det nytta kjøtvarer frå Selheim gard på Voss, handverksbakst frå Vossavakst og fersk fisk frå Bergen. Vangen Café serverer også heimebakte kaker, lefser og gjærbakst.

Her lagar me alt frå botnen av, med gode råvarer og ein raus dose kjærleik. Lokale leverandørar er ein viktig del av historia, og me er stolte over å kunna by på smakar frå bygda vår.

Vangen Café er meir enn ein kafé – det er ein møteplass, ein pustepause, ein liten heim ute. Her kjem familiar, pensjonistar, turistar, kollegaer og vener innom –her kan du komma å nyta ein kopp kaffi, lunsj, eller full middag.

Hjarteleg velkomen til Vangen Café – og inn i vår verd av tradisjonsrike rettar, laga med kjærleik til mat og folk.

Meny:
Vangen Café har eit breitt utval av freistande rettar, som varierer med årstidene avhengig av råvarer og sesong. Det er og nokre faste innslag på menyen som har fortent sin plass fordi dei er særs populære blant kundane. Torsdagar får du til dømes alltid raspekaker laga frå botnen av med kjøtt, korv og bacon, inkl kaffi

I kaféen finn du rettar laga med gode råvarer frå lokale leverandørar. Her får du smakfulle måltid med rot i lokale tradisjonar og matkultur, som snittar, suppe og smørbrød.

Vekesmenyen blir oppdatert kvar måndag. Kvar dag finn du tradisjonsrike rettar som du kan nyte i kaféen – eller ta med heim til middag.

Alle kakene våre er perfekte til både fest og kaffi. Velg mellom deilige alternativ som eplekake, verdens beste, ostekake, eller kanskje vår heimelagde kringlestang

Vangen Café tilbyr også selskaplokale og catering.

Opningstider:
Måndag - fredag: 10:00 - 18:00
Laurdag: 10:00 - 17:00
Sundag: 12:00 - 18:00

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
  • Høst

Map