På Voss vert du aldri for gamal til å leika,

i rolige omgivelser

eller eventyrlige bakkar.

Finn tid til å oppleva vinteren - og kvarandre.

Voss - ein komplett skidestinasjon

Treng du eit avbrekk i vinter vil ein tur til Voss by på eit pusterom. Her får du skikkeleg vinter, med snødekte skiløyper i alle former og ei bygd som ynskjer deg velkommen med opne armar.

Samtidig som Voss byr på rolige omgivelser, spesielt midtvekes, finn du gode matopplevingar, konsertar/arrangement, og mange spennande aktivitetar utanfor skibakken.  

Skimoglegheiter

Ein tur til Voss bør inkludera ein dag på ski og her har du mange valmoglegheiter. I Voss Resort finn du slalomløyper (i alle vanskegrader), langrennsløyper, leikent off-piste terreng og heisbaserte toppturar. 

Kvar tysdag, torsdag og fredag er det kveldskøyring i Voss Resort. Kveldskøyringstilbodet er faktisk eit av dei beste i Europa, med over 11 km lyssatte løyper i alle vanskegrader. 

Hotellet som gir turen eit løft

Hjå Elva Hotell får du ei unik kombinasjon av ro og naturopplevingar, samtidig som du bur nært det meste av aktivitet i vinterbygda. Hotellet har 14 rom fordelt på eit hovudbygg og fem unike småhus, med utsikt mot elv og fjell. Elva Hotell fekk tildelt One MICHELIN Key i 2025 for å tilby eit svært spesielt opphald.

Du bør også sette av tid til å nyte hotellet sine velværeopplevingane. Etter ein dag i fjellet kan du senka skuldrane i ei vedfyrt badstove, store utandørs boblebad eller prøva isbading for den ekstra friske kjensla. Boblebad, vedfyrt badstove og isbading er ikkje berre for feriegjester – det er perfekt for alle som vil gje kroppen litt kjærleik etter ein dag i fjellet 

På hotellet ventar også smaksopplevingar i verdsklasse. Vel mellom 3- og 7-retters menyar basert på lokale råvarer og sesongens beste smakar.

*Obs! Hotellet er steng frå 04.-30. januar. 

Meir enn ski

Treng du eit avbrekk frå skiløypene har Voss mykje å by på. I Voss sentrum finn du eit variert tilbod av kafear, restaurantar og mange hyggelege kvalitetsbutikkar. Kanskje vil du bruka ein dag på å bli betre kjent med både Voss og den du er på tur med? Då kan de utfordra dykk med ein tur i vindtunnelen eller dra på kurs om øl-gjæren Kveik. 

Få fleire tips her: Topp inneaktivitetar

Kultur er stort og året rundt finn du mange konsertar og arrangement på ulike arenaer. 

dronefoto av Voss sentrum om vinteren

Fleire tips: