VIS OSS VOSS

Del dine opplevingar frå Voss gjennom bilete og video, 
og bli med i trekninga av flotte lokale premiar.

Du er ein av dei beste til å visa fram Voss

Dei beste marknadsførarane Voss har, er dei som bur her og dei som besøkjer oss og sjølve testar aktivitetane og opplevingane me har å by på. Me ønskjer å visa fram ekte opplevingar frå Voss, og difor ønskjer me at nettopp du skal dela Voss gjennom bilete og video.

Del innhald frå aktivitetar, overnattingsstader, restaurantar, kafear, butikkar og andre lokale verksemder. Slik kan du inspirera fleire til å oppleva og bruka det lokale tilbodet på Voss.

Dette kan du vinne

Kvar månad vel me ein vinnar blant alle som har registrert eit bidrag. Det spelar inga rolle kor mange likerklikk eller kommentarar innlegget har fått. Det viktigaste er at innhaldet viser ei ekte oppleving du har hatt på Voss.

Premiane vil variera og kan mellom anna vera:

  • overnatting for to
  • aktivitetar og opplevingar
  • middag eller gåvekort på ein restaurant
  • gåvekort frå Voss Sentrum
  • ski- eller årskort
  • ei komplett Vossahelg

Me trekkjer ein heldig vinnar den første veka i kvar månad.

Slik deltek du

1. Opplev noko på Voss

Besøk ein aktivitet, ein restaurant, ein kafé, ein butikk, ein overnattingsstad, eit arrangement eller ei anna lokal verksemd på Voss.

2. Del opplevinga

Publiser eit bilete, ein karusell eller ein Reel på Instagram.

3. Tagg og bruk emneknaggen

For å vera med må du:

  • tagga @visitvoss
  • tagga verksemda du har besøkt
  • bruka emneknaggen #visossvoss

Då finn me bidraget ditt når me går gjennom emneknaggen.

Kriterium for å delta

For å vera med må bidraget:

  • vera frå Voss
  • visa ei lokal oppleving, verksemd eller aktivitet
  • vera publisert på Instagram
  • vera publisert som innlegg, karusell eller Reel

Det kan til dømes vera innhald frå ein aktivitet, restaurant, kafé, butikk, overnattingsstad, eit arrangement eller ein annan stad du ønskjer å løfta fram.

For å vera med i trekninga du tagga @visitvoss, tagga verksemda du besøker og bruka emneknaggen #visossvoss. Det er ikkje nok å berre tagga Visit Voss.

Profilen din må vera offentleg når me går gjennom bidraga. Både lokale og besøkjande kan delta.

Kvifor bør du bli med? 

Når du deler dine eigne opplevingar frå Voss, er du med på å skapa eit meir truverdig og levande bilete av bygda. Me ønskjer å løfta fram dei ekte augeblikka og dei personlege erfaringane slik dei faktisk blir opplevde. Difor betyr bidraget ditt meir enn du kanskje trur:

Du inspirer andre

Del dine eigne opplevingar og vis fram kva som gjer Voss verdt å oppleva.

Du støttar lokale verksemder

Hjelp aktivitetstilbydarar, serveringsstader, butikkar og andre verksemder på Voss med å bli sett.

Bonus: Du kan vinne lokale premiar

Kvar månad kan du vinna lokale opplevingar, overnatting, middag, gåvekort eller ski- og aktivitetskort.

Ofte stilte spørsmål

Kven kan delta?

Alle som deler bilete eller video frå Voss, kan delta. 

Dei beste marknadsførarane Voss har, er dei som bur her eller kjem på besøk til oss. Så om du passar i ein av desse kategoriane, er du kvalifisert for å delta. 

Korleis deltek eg?

Publiser innhaldet på Instagram, tagg Visit Voss og verksemda du besøker. I tillegg må du bruka emneknaggen #visossvoss

Kan eg poste fleire bidrag?

Ja, du kan poste så mange innlegg du vil. Det viktigaste er at innhaldet er produsert på Voss. 

Kva type innhald skal eg lage?

Me ønskjer fint og inspirerande innhald som viser fram aktivitetar, opplevingar og verksemder på Voss, og som gjer folk ein grunn til å leggja turen hit. Innhaldet bør visa kva ein kan oppleva, smaka, gjera eller sjå på Voss.

Så sjølv om katten Mons er aldri så fin der han sit på tunet, er ikkje eit bilete av han åleine nødvendigvis innhald som inspirerer folk til å oppleva Voss.

Når blir vinnaren trekt?

Me trekkjer ein vinnar den første veka i kvar nye månad.

Me går inn på emneknaggen #visossvoss og sjekkar at alle postane. Så trekk me ein tilfeldig vinnar av dei som har fulgt alle kriteria.