Opplev Vørsingsfossen 

(nesten) som deltakarane i Kompani Lauritzen!

Frå Voss er det perfekt med ein halvdagstur til Vøringsfossen, ein av Noregs mest kjende fossefall. Vøringsfossen er kjend for sitt imponerande fall på 182 meter og naturen rundt. Ein perfekt tur for deg som ynskjer å utforska meir av det dramatiske landskapet rundt i regionen, akkurat som deltakarane i Kompani Lauritzen gjorde.

Vøringsfossen
Foto: Åsmund Aarsand

Vøringsfossen, som ligg i nærleiken av Hardangervidda, er tilrettelagt med fantastiske utsynspunkt som lèt deg oppleva det buldrande vatnet som styrtar ned i Måbødalen. Du kan gå over fossefallet på ei bru og nå forskjellige utsiktspunkt. Sjølv om ein må halde seg på innsida av gjerdet (i motsetning til deltakarane i Kompani Lauritzen) er dette er ei oppleving du ikkje vil gå glipp av, og ein perfekt utflukt for både familie og vener.

Start dagen med å køyre frå Voss, gjennom det flotte landskapet i Hardanger, som er kjend for god frukt, sider og vakre fjordutsikt. På vegen kryssar du Hardangerbrua og køyrer gjennom Eidfjord, ta deg gjerne tid til å stogga på vegen – her er mykje fint å sjå!

Vøringsfossen
Foto: Åsmund Aarsand

Etter å ha opplevd Vøringsfossen, kan du utforska meir av Hardanger eller returnera til Voss for å nyta lokale rettar på ein av bygda sine hyggjelege kafear eller restaurantar, og for å fortsetta ferien i Kompani Laurtizen sine fotspor

Køyrerute:
Følg Hardangervegen Rv13 mot Hardanger til du har kryssa Hardangerbrua. Deretter følger du Rv7 igjennom Eidfjord sentrum og fortsett mot Hardangervidda. Like etter tunnelane og den bratte stigninga tar du av til venstre mot Vøringsfossen. Parker på tilrettelagt parkering «Vøringsfossen Parkeringsplass». Turen tek om lag 1t.