Voss Gardsmat - Ullestadteigen
Garden kombinerer tradisjonelt landbruk med foredling av eigne råvarer og formidling av lokal matkultur.
Her vert det produsert frilandsgris og gammalnorsk spælsau, i tillegg til at det vert kjøpt inn lam og sau frå nabogardar. Råvarene vert foredla og nytta i mat som vert både seld og servert på garden. I foredlinga vert det berre nytta naturlege tilsetjingsstoff.
Garden har òg ein kjøkenhage med ulike grønsaker og bær, som vert foredla til mellom anna pesto, chutney og syltetøy. I gardsbutikken finn ein eigne matprodukt, og utleigelokalet vert nytta til konfirmasjonar, firmafestar, julebord, venelag og andre arrangement. Her vert gjestene serverte heimelaga mat med råvarer frå garden og nærområdet.
Eigedomen vart kjøpt i 2005. Då hadde staden stått folketom i over 40 år, var attgrodd og bygningane sterkt forfalne. Sidan den gong er det rydda skog, bygd nye bustadhus og driftsbygningar, og den gamle Vossaløa er teken vare på og vert restaurert. Alt arbeidet er gjort med respekt for historia til staden og dei som har levd og arbeidd her før. Oppteikningar syner at det har vore busetnad på garden sidan minst tidleg på 1700-talet.
Ullestadteigen er i dag ein levande gard der mat, historie og vertskap går hand i hand. Garden er ein stad som er meint å delast med andre.