Utsiktsbilde av Voss

Vossavet

Vossavet er 10 bod om korleis me kan ta vare på, respektera og visa hensyn til naturen, dyra og lokalbefolkninga. Litt som fjellvett-reglane, men for Voss. 

Voss har ein fantastisk natur og unik kultur. Me ynskjer at besøkjande skal få gleda av mangfoldet vårt i dag - og i framtida. Difor har me utvikla desse boda, som fortel litt om korleis me kan ta hensyn til kvarandre.  

Me håpar alle som kjem på besøk følgjer våre 10 bod om vossavet. 

Plakaten finn du på denne sida, samt i turistinformasjonen, på hotella og hjå aktivitetsleverandørane.

God tur!