Breidskrednosi via Rimstigen
Nærøyfjorden er ein av dei mest spektakulære fjordane i Noreg.
Snøkvite fjell ruvar høgt over denne smale fjorden og sender fossar av smeltevatn utfor dei bratte, høge stupa. Nede ved fjorden ligg vakre gardar og små grender.
Me anbefaler å gå turen til Breidskrednosi tur/retur frå Bakka ved Nærøyfjorden, ca 50 min køyretur frå Voss sentrum.
Dette er ein lang tur, med mange høgdemeter, som du må rekne å bruke 8-9 timar på t/r. Men turen er vel verdt det, frå Breidskrednosi 1189 meter over fjorden har du panoramautsikt over Nærøyfjorden og UNESCO verdsarvområdet.
Wild Voss tilbyr guida turar til Breiskrednosi.