Foto:
Luis Pereira
Pudder i Myrkdalen

Her er Klaus Finne sine pudderfavorittar

Besøkjer du skianlegget midt i veka, kan du ofte få snøen heilt for deg sjølv.

NB! Vær obs på skredfare når du køyrer utanfor løypene. Når du er utanfor løypa har ikkje skianlegga lengre ansvar for sikkerheita di. Ikkje ta sjansar. Les meir på "Safety for ski tourers" av Visit Norway eller på "Ski touring in Norway" på Varsom.no

Tidlegare Big Air- og slopestyleutøvar Klaus Finne sin draumemåndag ser slik ut: han vaknar på morgonen, ser ut vindauget, og det snør hundar og kattar i skibygda Voss. Han et ein kraftig frukost – gjerne raspekaker med bacon – og er på plass i heisen 15 minutt før opningstid. Heisføraren er han på hels med, og er han heldig får han lov å hoppa på litt før. Kvart minutt teller på desse snødagane, og på veg opp i heisen planlegg han fyrste linje. Det å vera på ski i anlegget midt i veka er noko av det beste han veit. 

- Det er lite som slår den kjensla. Det er roleg og stilt i anlegget, du høyrer heisen går, og det er lite folk. Du har snøen heilt for deg sjølv, seier Klaus.

Ein einsam pudderulv

Klaus har ein fleksibel arbeidskvardag, noko som gjer at han kan ta seg nokre timar i heisen på dei beste snødagane før han stikk på jobb. Han kosar seg aller mest aleine.

- Det er sjølvsagt kjekt å stå saman med nokon innimellom…men om eg må venta mykje vert eg fort utålmodig. Det beste er å dra i bakken åleine, og ta nokon «runs» saman med dei du treff. Og så kan du stikka igjen når det passar deg, utan at det kjennest ut som om du forlèt nokon, smiler han.

- Men det er sjølvsagt alltid best å stå saman med nokon på dei plassane der ein ikkje kjenner terrenget godt. Ein skal ha respekt for rasfare og terrengfeller, og det er veldig viktig å ha folk med seg om uhellet er ute og ein hamnar i vanskelege situasjonar, legg han til. 

Myrkdalen

Tidlegare skiproff Klaus Finne er som oftast å finna i skianlegga midt i veka. Foto: Sverre F. Hjørnevik

Ein barndom i skibakken

Klaus har vokst opp på Voss, og kjenner dei to lokale skianlegga Voss Resort og Myrkdalen godt.

- Voss Resort er anlegget der eg vaks opp. Eg gjekk på skulen 400 meter unna den gamle gondolbanen, og kvar dag når klokka ringte ut i 2-tida sprang eg bort og tok banen til fjells. Myrkdalen har eg jobba for dei siste åra, og på den måten har eg også vorte veldig godt kjend her, seier han.

På dei dagane der alt klaffar snømessig, har han alltid sine faste plassar der han tek dei fyrste turane i begge anlegga.

- I Voss Resort stikk eg rett til Hanguren. Det var her eg sto på ski som liten gut etter skuletid, og det er framleis leikeplassen min. Her får du køyrd mange korte og raske «laps» med kjekk skogskøyring, og du finn mykje varierte linjer for alle nivå. Når eg kjenner meg ferdig her køyrer eg i Bavallsskogen, frå toppen av Bavallsheisen og ned mot Bavallstunet. Her får du litt lengre runs, om beina er klare for det, seier han.

 

Les også: Trygge toppturar i Vossafjella

 
Elve-halfpipe i Myrkdalen

Om Klaus er i Myrkdalen på ein pudderdag, finn du han ofte i Kari Traa-trekket øvst i anlegget.

- Om sikta er god, er det utruleg mykje kjekk køyring her. Min favorittplass å stå er i elvefara som ligg på kvar side av heisen. Men her må ein vita at elvane har frose på, sjølvsagt. Om det er dårlegare sikt eller veldig mykje snø, er linja under ekspressheisen eller skogen over hyttefeltet på «skiers right» frå ekspressheisen gode tips. Myrkdalen får mykje snø, av og til så mykje at ein treng litt meir helling. Har det kome 40 cm pudder, er denne skogen perfekt.
 

 

Pudder til kvelds

I tillegg til å vera på ski i vekedagane, er Klaus også ofte å finna på kveldskøyringa til Voss Resort. Dei siste åra har kveldskøyringstilbodet her fått eit skikkeleg løft, og no kan du ta gondolen rett frå sentrum og til fjells og kosa deg med 10 km med ljossette løyper. 

- Det mange ikkje veit, er at ein faktisk kan køyra mykje bra pudder på kveldskøyringa også. Du kan stå offpiste i ljoset frå løypene, der det kanskje var for flatt ljos til å sjå noko tidlegare på dagen. Det er ganske kult, seier han.

 

Les også: Derfor bør du leggja skiferien til Voss og Myrkdalen

 
- Eg gler meg like mykje kvart år

No når skisesongen nærmar seg, kjenner Klaus at det kriblar litt ekstra i år. Med fjorårets skisesong som fikk ein brå slutt friskt i minnet, kjenner han seg ivrig etter å koma i gang.

- Det er like stor spenning og glede fram mot skisesongstart kvart einaste år, men i år er spesielt. Anlegga hadde heilt sinnsjuke forhold då dei måtte stengja ned på grunn av pandemien i mars i fjor, og det har vore ein lang pause sidan då. «Stoken» er på topp, utan tvil.

No ber han til snøgudene om at sesongstarten må bli tidleg, og god. Ofte kan desember vera ein av dei beste skimånadene på Voss, reint snømessig.

- Desember er ein skikkeleg «jokermånad». Her på Voss kan me få mykje nedbør, og om det er minusgrader, store snødump som tek deg litt på senga. Om det er bra i desember, då er det skikkeleg bra. Men vêret kan også fort endra seg på starten av sesongen. Så når det fyrst dumpar, må ein koma seg til fjells! Ventar du til helga, kan du ha venta for lenge.

Voss Resort  skogskøyring i pudder på voss
Skogskøyring på sitt beste - under Tråstølsheisen i Voss Resort. Foto: Vinjar Slåtten. Skogskøyring på kveldskøyring i Voss Resort. Foto: Karoline Fosse

 

Les også: Den beste skogskøyringa på Voss

 

Overnatting til ditt vintereventyr:
 

<% totalFilter %> filter applicerade

Ikkje gå glipp av dei beste vossatilboda!