Den perfekte haustferien med barn
Ta turen til Voss og Vestlandet i haust! Her finn du morro for store og små, dagen lang. Det er mange aktivitetar å prøve, som rafting og klatring og fine område å utforske, som aktivitetsparken – perfekt for ein innhaldsrik haustferie. Plukk og miks mellom anbefalingar i denne artikkelen eller følg vår ferdige oppsatte plan her "Tre dagar på Voss? Dette kan du ikkje gå glipp av".
Aktivitetar:
Klatreparken
Klatreparken på Voss er ope heile haustferien og er perfekt for dei med mykje energi. Spenninga startar alt på parkeringa, her krysser de ei bru og ser zipline-strengene som går på kryss og tvers over elva lengre nede. Fyrst hjelper instruktørar alle med sele og hjelm og viser korleis utstyret fungerer. Treng ein litt oppvarming kan ein starte i mikroløypa, her kan dei vaksne gå på bakken og fylje barna. I resten av parken vil me anbefale alle vaksne og bli med opp i trea for dette er utrulig morro. Parken har fire små løyper for dei over 100 cm og to store løyper + ei zipline løype for dei over 140 cm. Tips: Ta med kaffi og litt niste. Parken er lokalisert i naturskjønne omgjevnadar og det er tillaga med bord og benker i parken.
Voss Gondol – Grebberebus
Frå gondolen kan ein sjå langt utover Voss og få eit skikkeleg overblikk over bygda. Det er også ganske langt ned på det høgaste punktet og borna synes ofte gondolturen er svært kjekk i seg sjølv. Turen opp til 820 moh tar berre 9min!
På Hangurstoppen er det også mykje kjekt å gjere, som fotturar, rebus for born, sjå på paraglidera som tar av og prøve hangurshusko. Sjå vandrekart frå Voss Resort her. På Hanguren finn du også Stolpejakt. Det er plassert ut 30 stolpar langs turvegar, på stiar og i terrenget. Det gjeld å ha augene med seg samstundes som ein nyt turen. Eit par stolpar finn du langs Hanguren Panoramaløype og Grebbeløypa. Ein av stolpane finn du i nærleiken av Valbergstjørni
Rundt Panoramastien på Hangurstoppen er det også satt opp trollhinder. Dei er satt opp som ei rundløype for leik og moro, men også for å trene HEILE kroppen. Bruk dei som du vil, om det er for å sjå kven som er sprekast i familien eller vennegjengen, eller berre å klatre rundt.
Er borna glad i å sykle? Sjekk ut sykkelløypene i Myrkdalen her!
Voss Vind
Voss Vind er ein klassikar når ein er på Voss. Dei er ope uansett vêr og heile familien frå born til bestemor vil få eit nytt minne for livet. Kven har vell ikkje lyst å lære å fly?
Ein må møte opp 40min før oppsett flytid. Fyrst får ein tildelt dress og får opplæring av instruktøren - så er det tid for å fly. 3 min i vindtunnelen tilsvarar 4 fallskjermhopp frå 12 000 fot, og gjev godt med rom for å læra. Instruktøren er med alle nybegynnarar inn i tunellen. Når ein ikkje flyr sjølv kan ein sjå på dei andre, så her får ein underhaldning lenge.
Foto: Voss Vind
Voss Bowling og Leikeland
Voss Bowling er eit stort aktivitetssenter med mange spennande inne-aktivitetar midt i sentrum av Voss. Her kan du ta med deg heile familien og finne noko som passar til alle. Dei har leikeland, brettspel, biljard, dart, mat, bar og sjølvsagt bowling. Her kan ein utfordre familien til forskjellige konkurransar og leike seg i mange timar. Eit must i løpet av haustferien!
Vossabadet
Med tre basseng, badstue, sklie, kiosk og kafé er dette også ein aktivitet som kan underhalde familien lenge. Kvar helg og i feriar kjem den mest populære attraksjonen fram – Wibit. Dette er ei hinderløype som blir satt uti 25 meters bassenget, ein aktivitet som garantert får både vaksne og barn til le.
Vossabadet har også eit eige stupebasseng. Her kan ein øve på stup og dødsing frå 1, 3 eller 5 meter. Frå stupetårnet går også ei kjekk sklie. Sklia har tidtakar – klarar du ny personleg rekord? Det tredje bassenget er opplæringsbassenget. Her er det 33 varmegrader og eigen heis for rullestolbrukarar.
Hinderløypa i Vossabadet. Foto: Jon Hunnalvatn Tøn, Hunnalvatn Media
Fleire aktivitetar:
Mat:
Hangurstoppen Restaurant
Voss sin største restaurant og kafè, på toppen av Voss Gondol. Menyen varier gjennom året då dei har stort fokus på mat laga frå botn og sesongbaserte og lokale råvarer. Dei har både kaffi, snacks og eigen barnemeny.
Restaurant Tunet, Myrkdalen
I Restaurant Tunet på Myrkdalen Hotel får du den beste pizzaen i området. Bakt i steinovn, med topping av lokale råvarer. Dei har også à la carte-rettar og dessertar på menyen. Barneporsjon (halv porsjon) får du til halv pris.
Ringheim kafe
Ringheim kafe har alt frå kaker og kaffi til varme og kalde rettar. Den populære kaféen har hatt gjesten i fokus sidan midten av 50 tallet. Dei nyttar kun dei beste råvarer for å laga god kvalitetsmat og tilbyr alltid dagens suppe og dagens middag.
Overnatting
På Voss finn du mange overnattingsmoglegheiter, i ulike prisklassar. Myrkdalen har alt for deg som vil nyta hausten til fjells - fjellturar, sykling, leikar, hesteridning, eit mangfald av arrangement og sjølvsagt mykje god mat og drikke. Her kan borna leike heile dagen i sykkelløypa og naturen, rett utanfor hotellet. Kjem du med toget er det berre nokre meter å gå til resepsjonen på Scandic Voss. Hotellet ligg midt i knutepunktet på Voss, med togstasjonen, gondolen og sentrum like ved. Hotellet er moderne og perfekt om du vil ha ein lettvindt ferie der alt ligg til rette
Vil du ha meir rom til familien? Sjå overnatting på hytter her: