Foto:
Voss Active
Klatrepark
Foto:
Myrkdalen / Hunnalvatn Media
Myrkdalen
Foto:
Voss Active
Familierafting

Familieparkar

Voss er perfekt for familiar - her er det god plass, mange aktivitetar å ta del i og mykje natur å utforske. Vi har fleire parkar og grøntområde som legg opp til aktivitet og mange fine turstiar og løyper som passar for små føter. Har ein større born eller mykje energi kan ein få fleire utfordringar i til dømes klatre- og ziplineparken til Voss Active eller på pumptracken i Myrkdalen. 

voss skulptur

Voss Aktivitetspark

Ved enden av Prestegardslandet, ved Vangsvatnet, finn ein Voss Aktivitetspark. Parken skal vera ein plass for blant anna leik, utfordring og meistring. I parken er det ein pump track som kan nyttast av syklar, skateboard og sparkesykkel. Denne er plassert på asfalten ved Voss Ungdomsskule. Det er også ein treningspark ved inngangen til Prestegardsmoen med apparat der du trenar med di eige kroppsvekt (treningsområde er delvis steng p.g.a. utbetring). Ved alléen som går til Voss Sentrum ligg også to volleyballbanar. Voss Aktivitetspark er framleis under utvikling så her kjem det fleire spennande ting etter kvart.

prestegardslandet, foto av eirik østliePrestegardslandet, Foto: Erik Østlie

 

Prestegardsmoen

Prestegardsmoen er eit populært grøntområde for tur og jogging. Det ligg i nærleiken av Voss Idrettspark, idrettshallen og fleire fotball- og tennisbanar. Ein kan også gå på stolpejakt eller finne geocasher i dette område. Prestegardsmoen ligg ved Vangsvatnet på Voss og langs heile område er det ei flott sandstrand. Dei fleste plassar er det langgrunt så her er det perfekt å bade med born. I Prestegardsmoen ligg også Bergslitræet med kafé og museum. Her er det ope kvar søndag kl 13:00 - 16:00, juni til medio september og ein kan sjå på både kunstutstilling og kjøpe seg is og kaffi. 

 

Les også: Topp 7 familieaktivitetar på Voss

 

Sommerfuglen barnepark – Voss Fallskjermklubb

På basen til Voss Fallskjermklubb, i Bømoen, finn ein Sommerfuglen barnepark. Dette er ein av dei beste leikeplassane på Voss. I tillegg til at ein kan sjå på flya, landar også fallskjermhopparane her som er til stor underhaldning for både store og små. Du finn også ein nyoppussa kafé på basen med stort utval av lokalmat. Har du med deg litt større born kan dei prøve seg i Fraggelberget klatretårn. I fallskjermsesongen har dei òg klatreinstruktør tilgjengeleg for born eller større grupper. Les meir her.

Bømoen

Bømoen er eit svært populært turområde, her møter ein folk på sykkel, springande på litt skjulte stiar og i barnevogn. Det er brei og fin veg i store delar av område og ein kan gå turar av ulike lengd. Her kan ein også gå på stolpejakt. Midt i Bømoen ligg fleire gamle bygningar som tidlegare var ein gamal militærleir. Dei fleste bygningane er i dag freda. Mellom bygningane ligg ei stor fotballbane, den vert ikkje klypt, men det er nokre mål der som ein kan øve seg på. Elles kan ein prøve seg på den gamle hinderløypa som ligg i skogen rett ved sida av leiren. NB! Ikkje alle hindera er i like god stand og ein leiker seg her på eige ansvar. 

Mor og barn på sykkeltur i bømoen
Bømoen. Foto: Anne Gjerdåker

Klatre- og Ziplinepark – Voss Active

I naturskjønne omgjevnadar like ved Strandaelva kan ein høyra latter og gledeshyl. I Voss Active sin klatre og ziplinepark er det 60 element fordelt på fire små løyper for dei over 100 cm, og to store løyper og ei zipline løype for dei over 140 cm. Løypene er varierte, morosame og utfordrande for både born og vaksne. Her kan ein verkeleg leike seg i tretoppane. Den lengste ziplinen er 150 m og føl elvestryka nedover! Langs mikroløypa er det mogeleg for foreldre å fylgje borna frå bakkeplan og hjelpe dei litt om det er nødvendig. 
Skal du besøke klatreparken fleire gonger i sommar? Då er kanskje sesongmedlemskap noko for deg. Les meir her.

 

Dårlig vêr? Les: Topp 3 inneaktivitetar på Voss

 

Sykkelpark i Myrkdalen

Myrkdalen er plassen for deg som er ute etter ein aktiv sykkelferie med heile familien. I Myrkdalen har dei laga ein 850 kvm pumptrack, hopplinjer med ulike vanskegradar og stiar med ulike element. Har du ikkje plass til å ta med sykkelen på feire kan du også leige sykkel her. Pumptracken har ulike formasjonar, kular og svingar og passar både for skateboard, sparkesykkel, tre-hjul sykkel og vanleg sykkel. Heile sykkelanlegget kan du nytta fritt gjennom heile sommaren. Like ved skibrua over RV13 mot Årmotslia finn du dei nye hopplinjene, her vert det ulike arrangement gjennom skuleferien. På sikt vil Årmotslia bli eit stisenter med fleire stiar av både blå og raud grad, doserte svingar og mindre hopp (tabletop). 
Myrkdalen er eit eldorado for terrengsykling for både vaksne og born. Les meir her.

Bli også med på Joar sin sykkelskule eller bornas sykkelfestival

Husdyrparken – Bordalen

I Husdyrparken får besøkande oppleva gamle norske husdyrrasar som kyr, okse, sau, geit, gris, høns og kanin på nært hald. Parken ligger i Bordalen, ca 15 min kjøring fra Voss sentrum. I tillegg til å besøke fjøset tilbyr også parken hesteridning. For dei aller minste er det pedaldrivne traktorar tilgjengeleg på tunet eller heile familien kan prøve seg på hesteskokasting. Les meir her.

Jente som får prøve å ri på hest i husdyrparken

 
Topp 7 familieaktivitetar på Voss:
<% totalFilter %> filter applicerade

 

Fleire familieaktivitetar på Voss

 

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Overnatting på Voss

 

<% totalFilter %> filter applicerade