cbis:1977242
Voss

Engjaland – Torvedalshytta

Ein familievnleg tur på T-merka sti.

Turen frå Engjaland til Torvedalshytta er ein familievenleg tur på T-merka sti. Vel framme på Torvedalshytta kan ein ta returen same dag, overnatte og gå tilbake neste dag eller halde fram til Gullbrå i Eksingedalen.

Frå Engjaland kan ein gå eller køyre stølsvegen (bomveg) til stølen Reppane. Like ved stølshusa på Reppane startar ein tydeleg T-merka sti til Torvedalshytta. I byrjinga går det bratt opp Reppabotn til Mykjedalsvatnet (1055 moh) som er det høgaste punktet på turen. Frå Mykjedalsvatnet fyl ein sti ned strupen og Mykjedalen til Torvedalen. Ikkje langt frå hytta kryssar ein Torvedalselvi på bru.

Torvedalshytta er ei av Voss Utferdslag sine sjølvbetente hytter. Her er ei sikringsbu og hovudhytta bygd i 1991. Til saman 16 køyer samt hems, og rikeleg med teppe. Her er vedfyring, utstyr for matstell og propan til koking. I hytta er det og eit rikhaldig utval med proviant.

Lengd: 14 km og 6-7 timar tur/retur
Stigning: 400 meter
Sesong: Juli - oktober
Vanskeligheitsgrad: Blå (moderat)
Startpunkt: Engjaland
Turkart referanse: Voss 1:50 000 (Ugland IT). Turkart er å få kjøpt på turistinformasjonen i Voss sentrum.
Merknader: T–merka sti. Klikk her for meir informasjon om Torvedalshytta.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Høst

Map