cbis:2033863
cbis:2033863
cbis:2033863

Halvdagskurs i kameratredning med Wild Voss

Når eit snøskred rammar eit turfølge, startar ei nådelaus stoppeklokke. Innan 15 minutt må dei begravde ut av snøen, om dei skal ha gode sjansar for å overleve. Det betyr at turkameratane sjølv må stå for redninga.

Dette halvdagskurset gir deg trening i å bruke skredutstyr til søk, utgraving og kameratredning. Vi øver på skredsituasjonar som krever organisering, presis lokalisering og effektiv utgraving frå snømassane. Litt grunnleggande førstehjelp blir ôg gjennomgått.

Vi riggar til eit øvingsområde som lignar eit snøskred. I snømassene grev vi ned dokker med elektronisk sender/mottakar, som du får øve på å finne og grave fram. Du vil raskt oppdage at sjølve søket går fort - og at utgravinga er den kritiske delen av redninga. På kurset lærer du strategiar for effektiv utgraving.

Etter dette kurset skal du vere i stand til å bruke skredutstyr (spade, elektronisk sendar/mottakar og søkestong) til å gjennomføre kameratredning av skredtekne.

Nokre aktuelle moment denne dagen:

Riktig bruk av elektronisk sendar/mottakar.

Riktig bruk av søkestong og spade.

Prinsipp for organisering og gjennomføring av søk etter skredtekne.

Korleis redusere risikoen for skredulykker?

Førstehjelp for skredtekne.

Kurset passar for alle som ferdast på ski utanfor løypene i vinterfjellet. Du treng ikkje å ha kunnskap om skred eller vere dyktig på ski. Kurset passar ôg godt for deg som har litt turerfaring, kan litt om skred og/eller treng å få kvalitetssikra din eigen kunnskap.

Krav til deltakarar
Kurset passar for alle som ferdast på ski utanfor løypene i vinterfjellet. Du treng ikkje å ha kunnskap om skred eller vere dyktig på ski. Kurset passar ôg godt for deg som har litt turerfaring, kan litt om skred og/eller treng å få kvalitetssikra din eigen kunnskap. Nedre aldersgrense: 12 år.

​Deltakarar må vere i normal fysisk form, føle seg friske og vere utan symptom på forkjøling eller luftvegsinfeksjon.

​Naudsynt turutstyr
Toppturski/alpinski, solide fjellski eller splitboard med feller. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle treng skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Hugs skibriller. Ta gjerne med termos med varm drikke. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.

​Kursleiarar er Øystein Ormåsen eller Carlos Abraldes Szigriszt. Dei er begge fast tilsette heilårsguider og kursinstruktørar i Wild Voss. Begge har lang fartstid som turleiarar og instruktørar.

​Kostnader til transport og eventuelt heiskort kjem i tillegg.

Har du spørsmål om kurset, send epost til Øystein i Wild Voss: [email protected] eller ring på 93484041 .



Kontaktinformasjon