Voss

Introduksjonskurs til havkajakkpadling - Vått & Vilt

Kurs i havkajakkpadling over ein dag, passar godt for grupper.

Lær deg basisteknikk i havkajakkpadling på ein dag! Dette er eit ypperleg kurs for bedriftsgrupper - eit kurs de fint kan rekka etter jobben. Kurset varer ca 4 timer der vi går igjennom elementær teknikk, korleis koma ut av kajakken ved kantring, tøming av kajakk og sikkerhet.

Fyrst gjer me eit vanleg introduksjonskurs, før me padler på ein liten tur og praktiserer padleteknikken og nyter naturen. Våttkort er inkludert i prisen. Etterpå vert det servert lett mat frå grillen.

Ta med deg:
- Vind- eller regnjakke
- Ull- eller superundertøy
- Sko som tåler å verta våte
- Drikkeflaske
- Matpakke

Kan utførast både på Voss (Vangsvatnet) og i Alversund (oppmøte ved kaien til Fosse Bruk AS, om ikkje anna er avtalt. )

Send forespørsel på epost til [email protected] skriv antall deltagere og litt om ferdighetsnivå.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Vår
  • Høst

Map