Utforsk opplevingar på Voss
Her kan du sjå kulturopplevingar i ekstremsportbygda. Voss har rike tradisjonar og mange engasjerte folk som står klar for å ta i mot deg!
Kva med eit besøk i den berømte vinkjellaren på Park Hotel Vossevangen? Du får omvising og historier frå ein av Norges største vinkjellarar. Inkl. i prisen er også eit glas med musserande ved ankomst.
Eller kva med ei omvising og smaking hjå Voss Fellesbryggeri? Ølet her blir brygga av lokale ølentusiaster som ynskjer å bygga vidare på dei rike mat- og drikketradisjonane på Voss. I løpet av ei omvising får ein fleire smaksprøvar, nokre røvarhistoriar og ein får sjølvsagt moglegheit til å kjøpa med seg favorittane heim.