Foto:
Jon Hunnålvatn Tøn
Voss Resort
hans inge klette på randonee
nesheimstunet

Våre skisenter

Velkomen til skibygda Voss! Her finn du to av dei største skisentra på Vestlandet med alpinløyper i ulik vanskegrad, spennande off-piste terreng og flotte barneområde.

Myrkdalen er kjend for å vere ein av dei mest snøsikre destinasjonane i Europa, og i skianlegget til Voss Resort får du alpefølelsen med gondolbane rett frå togstasjonen. Det finst også eit stort utval av langrennsløyper på Voss. Voss ski- og tursenter har f.eks. lysløyper og skileikområde for langrenn og skiskyting. Du finn også flotte langrennsløyper i skianlegga Myrkdalen og Voss Resort.

Det er ski for alle på Voss!

Voss Resort

Her venter 40 km med preparerte løyper for alle nivå i tillegg til fleire spanande off-piste område. Rundt Hangurstoppen er det også mange langrennsløyper med ulike lengder. No kjem det du deg direkte frå togstasjonen og opp til skianlegget på under 9 minutt.

Voss Resort har tre område for dei minste; Grebbesbakken, Badnakrokjen og Trollbakken.

Voss Resort har kveldskøyring kvar tysdag, torsdag og fredag. Dei har meir enn 10 km ljossette løyper i både grøn, blå, raud og svart løype.

Hjå Voss Resort kan du overnatta i hytter eller leilegheiter. Sjå meir og bestill under "overnatting".

Voss Resort si heimeside

Foto:
Jon Hunnålvatn Tøn, Hunnalvatn Media
snowboard offpiste i voss resort
Foto:
Jon Hunnålvatn Tøn, Hunnalvatn Media
barn på ski
hangurstoppen restaurant og voss gondol
Foto:
Jon Hunnålvatn Tøn, Hunnalvatn Media
ski in, ski out voss resort

 

Myrkdalen

I Myrkdalen snør det meir enn nesten nokon annan plass i Europa. Det gjer destinasjonen til ein favortitt blant skientusiastar. Her kan du leike deg i barneområdet, velpreparerte løyper, finne-parken og urørt pudder. Myrkdalen ligg i Voss Herad, berre to timar frå Bergen, Geilo og Sogndal. 

Myrkdalen har eit barneområde med to tallerkentrekk, eit saktegåande rulleband og fire varierte grøne løyper. Det ligg lett tilgjengeleg frå parkeringa og Myrkdalen Hotel.

I Myrkdalen finn du 22 løyper i alle vanskegrader, 4 parkar, skicross-løyper og herleg off-piste terreng.

Kveldskøyringa er ope i Myrkdalen fredag og lørdag heile sesongen og kvar dag i vinterferievekene (7, 8 og 9)

Myrkdalen si heimeside

Foto:
Sverre F. Hjørnevik
alpint i myrkdalen
Foto:
Sverre F. Hjørnevik
finneparken i myrkdalen
Foto:
Sverre F. Hjørnevik
pudder i myrkdalen
Foto:
Sverre F. Hjørnevik
Maskot for barne i myrkdalen

 

Voss Ski- og Tursenter

Om vinteren er Voss Ski- og Tursenter eit paradis for langrenn. Her finn du både turløyper, konkurranseløyper, lysløyper og fleire område som er fine for fjellski. Løypene ligg idyllisk til i skogsterreng som gjer at dei er verna mot vêr og vind.

Ved å starta frå Herresleitet kjem ein raskt inn i eit fantastisk turterreng, der det i dag er ei rundløype i Herresåsen på 12 kilometer. At løypa vert kalla “Juvelen” på folkemunne, er ikkje utan grunn. Fleire stader i traseen er det avkortingar, som gjer at ein kan koma raskare heim. Løypa vert preparert både for klassisk og skøyting.

Ved å starta fra stadion går ein rett inn i lysløypa og konkurranseløypene. Desse løypene er også kobla saman med Herresåsen. Ein får da ei kraftig stigning før ein kjem opp i Herresåsen.

Voss Ski- og Tursenter si heimeside

Foto:
Gro Marit Kristiansen
nydelige skispor og forhold i voss ski og tursenter
skumring og blåtime i voss ski og tursenter
mann og hund på tur i voss ski og tursenter

Transport og parkering

Det er lett å kome seg til snø og skianlegg på Voss! I vintersesongen kan du ta gratis skibuss frå Voss stasjon til Myrkdalen. Bussane korrensponderer med tog til og frå Bergen og Oslo. Skal du til Voss Resort, kan du ta gondolbanen frå togstasjonen og rett opp i skiløypene på under 9 minutt. I Voss Ski- og Tursenter er det mange tilrettelagte parkeringsplassar, dagskort kostar 100 kr. 

Skibuss og skitog til Myrkdalen

Vinter utan ski

Det er mange aktivitetar å prøve på Voss om vinteren. Legg gjerne inn ein ekstra dag på Voss og prøv noko heilt nytt i vinter. 

Sjå våre forslag her:

<% totalFilter %> filter applicerade
Youtube video image