Landsskyttarstemnet Voss 2023.
Landsskyttarstemnet 23 vil gå av stabelen 28 juli-4 august ved Skjerve skytebane på Voss i regi av Det frivillige Skyttervesen. Det er Noregs største skytearragement og eit av Noregs største idrettsarrangement som samlar mellom 15 000 og 20 000 tilreisande.
Sjølve innkvarteringa har allereie byrja. Gå inn på denne lenkja om du ønskjer å vera tidleg ute:
https://skyttermarked.no/categories/1802/publications
PS! Sjølve innkvartering for samlag og skyttarlag vil starta ila mars månad. Det vil vera tilgjengeleg 3 campar: Bømoen leir med brakker og hus, ein camp rett ved skytebanen for camping og telt, og dessutan camp hjå Smalahovetunet.
Meir info kjem.
Utforsk Voss
Skal du ha med deg familien til Landsskyttarstemnet eller ynskjer du å utforska Voss aleine? Det er mange aktivitetar å delta på og attraksjonar å sjå. Kva med å ta heile familien med på rafting eller unne seg ei omvising i ein av nordens beste vinkjellarar på Park Hotell Vossevangen?