Fjellturer på Voss 

Fjella i Vossaregionen er eit eldorado for både korte og lange fjellturar. Mange av turane har panoramautsikt mot isbrear, fjordar, fjellrekkjer og innsjøar. Lønahorgi er ein klassikar og på toppen får du utsikt over heile Voss! Det lettaste er å ta gondolen opp og gå herfra. Det finn fleire fine turar å gå frå Hangurstoppen/Voss Gondol. Om du vil sjå noko spektakulært, men ikkje har så god tid kan me anbefale Bordalsgjelet, eit fleire tusen år gammalt juv, berre 45min frå sentrum. 

Er du ikkje kjent i fjella anbefalar me å bli med på guida tur. Kva med ein tur til Breiskrednosi med utsikt over Nærøyfjorden, med Wild Voss?

Vandresesongen på Voss startar som regel i slutten av juni og varar til slutten av oktober - avhengig av snømengdene i fjellet.

Forholda i fjellet kan endra seg raskt, og derfor er det viktig å vera godt nok førebudd. Ikkje legg ut på langtur utan nok erfaring, og vis respekt for vêrmeldinga. Ha med ekstra klede, mat og drikke, og fyrstehjelpsutstyr. Og hugs - det er ingen skam å snu!

Youtube video image

Vandreturar med guide

Vil du ha med deg ein lokalkjent ekspert? Det er fleire aktørar på Voss som tilbyr guida turar i fjella. 

<% totalFilter %> filter applicerade