Jaktar du betre skibilder?

Frikjøring i pudder og solnedgang i Myrkdalen
Sverre Hjørnevik er ein av landets beste skifotografar, busett i ekstremsportbygda Voss. Foto: Sverre F. Hjørnevik

Nei, me snakkar ikkje om ISO, lukkartider og andre tekniske omgrep.

-  Det er ikkje alltid det fototekniske som er det viktigaste, det handlar vel så mykje om opplevingane der og då, og kunne mimre tilbake når du ser bilda, seier fotograf og over snittet skientusiast, Sverre Hjørnevik.

Her delar han sine tips slik at du med enkle grep kan ta dei kulaste skibilda, anten det er med barn i løypa eller off-piste med kompisgjengen.

Rådet er klart: - Utforsk! Leik deg med kameraet og prøv ulike vinklar.

Kanskje ikkje så rart han seier akkurat dette. Sverre er ein kreativ kar med leiken tilnærming til alt.
 – Eg er trass alt oppvaksen i ekstremsportbygda Voss, og det er heilt klart leik og opplevingar som er drivkreftene, seier han og smiler.

Etter mange års erfaring innan foto har han fått evna til å fanga heilt unike augneblink med kameraet.

mann med pudder i skjegget etter å ha stått på ski
Eit portrettfoto kan fortelje like mykje som ein puddersving. Foto: Sverre F. Hjørnevik

5 tips til korleis ta det perfekte pudderbildet

Skibilda hans talar for seg sjølve. Mange av desse er tatt i Myrkdalen Fjellandsby på Voss - eit av dei mest snøsikre skianlegga i Noreg.

Som proff-fotograf og habil skikøyrar veit Sverre instinktivt kva som skal til for å skape djupne og liv i skibilda, og her er tipsa hans til deg:

  1. Tenk på førehand kva type bilde du ønsker å ta. Eit tips er å finna eit favorittbilde som nokon andre har tatt, og forsøke å kopiere det. På den måten lærer du masse. Så kan du legge til eigne preferansar og gjere det til ditt eige ved å bruke kunnskapen du tileignar deg etter kvart.
  2. Ingen vil rote vekk pudderdagen, sjølv fotografen vil ha sin del av moroa. Så sørg for å ha kameraet lett tilgjengeleg slik at du raskt kan vere klar når du ser noko du vil ta bilde av.
  3. Pudder og frikøyring handlar om naturopplevingar, action, fart og skiglede. Få dette inn i motivet ditt. Det treng ikkje vere komplisert, det kan gjerne vere eit stort glis med pudder i ansiktet etter ein vellykka dag.
  4. Drøymer du om bilde av bratt skikøyring, rått landskap og wow-faktor må du heile tida tenke sikkerheit, både for deg sjølv og dei du tar bilde av. Om forholda ikkje er bra, så får bildet vente til seinare.
  5. Kulde og vinterlys er utruleg vakkert, spesielt ved soloppgang og solnedgang.

Enkle toppturar i Vossafjella

barn på slalom i myrkdalen. Fantastisk utsikt over myrkdalen i bakgrunnen
Meistring på ski i Myrkdalen Fjellandsby - ein feriefavoritt blant skiglade barnefamiliar. Foto: Sverre F. Hjørnevik

3 tips til korleis ta leikne bilde av barn på ski

Små barn som leikar seg på ski i barnebakken og opplever meistring er eit artig syn. Sverre er tobarnspappa og kan vedkjenne seg dette: - Den spontane gleda som strålar frå ansikta til kidsa på ski, er kjekt å fanga med kameraet, smiler han.

- Det kan vera utfordrande å ta bilde av profesjonelle skikøyrarar i store, bratte fjellsider, men å ta bilde av mine eigne barn i skibakken kan faktisk vera vel så vanskeleg, ler Sverre. Men han legg til at det finst nokre triks:

  1. La barna legge premissane for kva dei har lyst til. Og kanskje viktigare enn nokon gong er det å ha kameraet lett tilgjengeleg, slik at du kan knipse når barna ikkje er klar over det.
  2. God stemning er viktig ingrediens for fine bilde. La sjokoladen sitte laust og la premiane hagle. Men hugs at eit bilde av poden eller vesla som har satt bremsane på og lagt seg ned i protest, kan også vere eit morosamt motiv.
  3. Ta gjerne oppstilte bilde innimellom, men leik med situasjonsbilde, detaljar og portretter utan at du nødvendigvis roper «Stå i ro, eg skal ta eit bilde!»

gutt hopper i parken i myrkdalen
Skiglede for heile familien i Myrkdalen. Park er ei stor satsing i myrkdalen. Foto: Sverre F. Hjørnevik

4 tips for betre mobilbilde

- Det er fullt mogleg å ta gode bilde med dagens mobilar. Den største forskjellen er kanskje at du må kome deg litt nærmare det du vil ta bilde av, seier Sverre. - Og heilt ærleg - på privaten brukar eg mest mobilen til familiebilda, også på ski, vedgår han. Her er tipsa hans:

  1. Ver tett på, ikkje forsøk å få alt med i eitt bilde, men ta heller fleire med forskjellige vinklar.
  2. Tenk at du skal vere ein «historieforteljar» frå dagen din på ski. Ta nokre bilde av landskapet, naturen og omgjevnadane. Forsøk å ta nokre portrettbilde, fang smilet og stemninga, snø i ansiktet og fellesskapet.
  3. Vil du ha trikset til ungdomen din på bildet, senk deg nærmare bakken for å skape høgde i bildet, men få med hoppet og litt av landinga.
  4. Hugs å bruke kameraet ditt både i høgdeformat og breiddeformat slik at du får variasjon.

- Då er det berre å koma seg ut på ski og ta sesongens mimrebilde, seier Sverre med eit stort glis.

portrett av sverre hjørnevik
Sverre Hjørnevik (46) frå Voss. Fotograf og frikøyrar med sans for store naturopplevingar.

 

Opplev Myrkdalen:

<% totalFilter %> filter applicerade