Enkle toppturar på Voss

Vossafjella er kjent for å ha leikent og variert terreng. Her har me samla dei lettaste turane å begynne med om du vil utforska toppturterrenget på Voss

NB! Vær obs på skredfare og ta ansvar for eigen sikkerheit. Les meir på "Safety for ski tourers" av Visit Norway eller på "Ski touring in Norway" på Varsom.no

Finnbunuten, frå Myrkdalen, ca 1,5 t

topptur i solnedgang i myrkdalen
Foto: Sverre F. Hjørnevik

Finnbunuten 1358 moh er lett tilgjengeleg frå toppen av Kari Traa-trekket i Myrkdalen Fjellandsby. Frå toppen av trekket tek det om lag ein time i lett terreng vestover. Frå toppen har du nydeleg utsikt over Stølsheimen i vest og Hurrungane i aust. Også her er det mange nedkøyringsruter å velje mellom. Frå brattare til slakare terreng, dette er ein topptur for både randonne og fjellski. Turen er ikkje merka. 

Lønahorgi, frå Voss Resort, ca 2t

på veg til lønahorgi på randonee
Foto: Erik Østlie

Frå toppen av trekkket Horgaletten er det ein fin og lett tur til Lønahorgi 1410 moh. Om lag 50 m frå avstigninga av heisen tek du på deg fellene. Det er som regel både ski og maskinspor heile vegen, om ikkje er sommarvegen merka med stakar heile vegen. Føl spora oppover, då det kan vera stor skredfare utanom merka løyer. Turen er utanfor anlegget og er såleis på eige ansvar. 

Øyastølsfjellet (1342 moh), ca 4t

Hans Inge klette på veg nedover i jordalen
Foto: Lars Erik Skjervheim

Turen til øyastølsfjellet har ok lengd og går i snilt terreng. Køyr til Jordalen og nesten heilt inn til Nosi. Det er tilrettelagt parkering nær Nosi. Gå oppover i Berdalen og kryss elva på bru. Gå oppover mot Øyastølane og sikt så på toppen på 1237 moh sør for turmålet. Gå så vidare opp mot Øyastølsfjellet. 

Såta via Fennestølane

Dette er ein kortare tur i snilt terreng. Det er enkelt å finne vegen og å ta trygge ruteval. Køyr mot Fenno (til Hildestveit) og parker på tilrettelagt parkering. Følg stølsvegen til Fennastølane. Ved Fennastølane går du opp lia til venstre mot Såta. 

 

NB! Nokre områder rundt Voss har villrein og tamrein. Reinen er sårbar for menneskeleg aktivitet. Trekk unna om du ser rein, og vel ein annan tur om du høyrer om rein i området. Jordalen er ein av dei plassane der vi har utfordringar med at skikøyrarar skremmer villreinen vekk frå dei beste beiteområda i fjellet på seinvinter og vår, vis difor særskild omsyn til villreinen på ski i dette området.

Vis omsyn til fastbuande, særleg med tanke på kvar du parkerer, søppel og do-besøk. Ikkje blokker ein vegstubb eller parker framfor traktor/bilen til den lokale bonden. Spør om lov ved parkering i tun/på private områder.

randoneevett