cbis:2031783
cbis:2031783
cbis:2031783
Skulestadmo

Teambuilding med Voss Active

For grupper skreddarsyr vi pakker med ulike aktivitetar som fremjar samarbeid og lagbygging i området rundt raftingsenteret.

Gruppa vert delt i mindre lag som konkurrerer mot kvarandre i aktivitetar som Lagskigåing, Radioaktivt avfall, Rør løp, Tautrekking, Hyttebygging, og meir. Vi skreddarsyr pakka ut frå gruppa sine ynske og kor lang tid ein har til disposisjon.

I tilknyting til desse aktivitetane tilbyr vi også lunsj eller middag. Vi kan også formidle hotell og konferansefasilitetar, i tillegg til andre aktivitetar som ein del av våre pakker.

Dei mest populære pakkane inneheld ofte teambuilding eller rafting i kombinasjon med boblebad og god mat i Elvatun Restaurant & Friluftsspa der vår spesialitet er grillmat. Villmarksleiren og klatreparken er også svært populær. For større grupper kan ein gjerne setje opp parallelle aktivitetar, der ein møtes til felles hygge og mat etterpå. Det er berre fantasien som set grenser og vi vil gjere vårt yttarste for gje dykk eit arrangement som aldri blir gløymt!

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Vår
  • Høst

Map