cbis:2121432
cbis:2121432
cbis:2121432
cbis:2121432
cbis:2121432
cbis:2121432
cbis:2121432
cbis:2121432
cbis:2121432
cbis:2121432
cbis:2121432
Voss

Topptur for alle nivå, på Voss

Vossafjella er kjent for å ha eit leikent og variert terreng, med nedfartar i alle himmelretningar. Kva med å gå bucket-liste turen over Raundalsryggen, der snødekte fjelltoppar ligg på rekke og rad? Eller utforsk skogane i dei frodige dalane? Her kan du leike deg i snø som er mindre vindpåverka.

Lurar du på kva Voss har å tilby av toppturmoglegheiter? Her finn du tips til både nybegynnarar, middels og erfarne turgåarar. På Voss er me heldige og har toppar i alle himmelretningar. Det betyr at dei lokale guidane alltid kan finne ei fjellside som ikkje er vindpåverka og som byr på god og variert skikøyring.

I ein ende av Voss finn du Myrkdalen som er kjent for å vera ein komplett og snøsikker destinasjon. Granvin i Hardanger er også ein del av Voss, her er det flotte fjell med fjordutsikt og eit stort antal varierte nedkøyringar for alle ferdigheitsnivå

Nokre fjellområder rundt Voss har villreinstammer. Reinen er sårbar for menneskeleg aktivitet. Trekk unna om du ser rein, og vel ein annan tur om du høyrer om rein i området. Me har utfordringar med at skikøyrarar skremmer villreinen vekk frå dei beste beiteområda i fjellet på seinvinter og vår, vis difor særskild omsyn til villreinen på dette tidspunktet.

Vis omsyn til fastbuande, særleg med tanke på kvar du parkerer, søppel og do-besøk. Ikkje blokker ein vegstubb eller parker framfor traktor/bilen til den lokale bonden. Spør om lov ved parkering i tun/på private områder.

Topptur byr også på utfordringar knytt til skredfare. Det er viktig å kjenne til terrenget og lokale forhold for å kunne ferdast sikkert i fjella. Les gjerne Visit Norway sin guide til sikkerhet på topptur: Ski touring safety

Skal du på topptur i nye fjellområde vil me sterkt anbefale å bli med lokale guidar på tur. Lokale guidar tar seg av all turplanlegginga, slik at du kan nyte turen. Dei har kjennskap til terrengfeller, skredteikn, vær og vind. Guidane lar ofte gjestane vere med å ta snøprøvar, vurdere terreng og bli involvert i avgjersler. På ein guida topptur vil du derfor lære mykje.

Raundalsryggen – ein klassiker på ski
Her ligg dei fire storfjella på Voss på rekke, med djupe skar imellom. Noko av det mest spennande skiterrenget på Voss finn du i Raundalen. På denne turen får du verkeleg oppleve naturen. Frå den gamle furuskogen langs den blågrøne Raundalselva, til ville og alpine fjelltoppar.

Turen over Raundalsryggen startar med Horndalsnuten (1461) lengst mot vest. Deretter legg vi spora over Skipadalsnuten (1496), Seldalsnuten (1548) og Olsskavlen (1576). Dette er ein lang skitur med samla stigning på om lag 1800 høgdemeter.

Sjekk alltid skredvarsel før du dreg på tur, bruk gjerne tenester som Regobs: Regobs

Guidar: Wild Voss og Hardanger Fjellguide

Frå togtur til topptur
Enten du har vore lite eller mykje på topptur er dette ei svært kul oppleving, som dei fleste blir gira av. Bergensbanen strekk seg austover innover Raundalen. I dei øvre delane av dalen ligg togstasjonane tett, og her er det lett å kombinera togtur og skitur. Eilivseggi ligg nord for toglinja mellom Ljosanbotn og Upsete. Startplass for turen er togstasjonen Ljosanbotn, hit kan du ta lokaltoget frå Voss på morgonen. Følg dalbotnen innover mot Gamlestølselvi og følg denne oppover mot 1070-vatnet. Herifrå vinn du høgde sørover mot Kleivafjellet. Følg ryggen mot Eilivseggi, forbi nokre mindre fortoppar. Nedover kan du køyra flankane mot Rustedalen, som byr på fin skikøyring og mange linjeval i slakare terreng. Finn den slakaste korridoren mellom bekkane ut av Rustedalen ned mot toglinja. Kryss toglinja på «mastetoppen», og gå bort til stølen ved idylliske Langvasstølen. Her, frå togstasjonen Vieren, kan du ta ettermiddagstoget attende til Voss.

Du kan også bli med på guida tur i område. Då vel guiden toppen med best snø og passar på at ein når toget til og frå.

Guide: Wild Voss

Heisbasert topptur
Kva med å kombinere det beste frå skianlegg og topptur? Både i Myrkdalen og i Voss Resort kan du kjøpe toppturkort. Med dette skikortet får du ein tur opp med heisane som tar deg øvst i anlegget. Perfekt utgangspunkt om du ikkje vil gå i mange timar. I Myrkdalen kan du gå til Finnbunuten og i Voss Resort er det best å legga turen til Lønahorgi. Merk: Med ei gong du forlet skiløypene er all skikøyring på eige ansvar.

På veg ned att kan du svinge innom ei av serveringsstovene i skianlegga. Her kan du få middag og afterski!

Forslag: Finnbunuten ligg 1358 moh og er lett tilgjengeleg frå toppen av Kari Traa-trekket i Myrkdalen. Frå toppen av trekket tek det om lag ein time i lett terreng vestover. Frå fjelltoppen har du nydeleg utsikt over Stølsheimen i vest og Hurrungane i aust. Også her er det mange nedkøyringsruter å velje mellom. Frå brattare til slakare terreng, dette er ein topptur for både randonne og fjellski.

Randoprodukt:
Wild Voss, guide
Outdoor Norway, guide
Hardanger Fjellguide, guide
Toppturkort Voss Resort
Toppturkort Myrkdalen

Restitusjon:
Vossabadet – terapibasseng + sauna
Scandic Voss – badstove
Voss Vandrarheim – vedfyrt badstove
Afternoon tea i Myrkdalen

Afterski:
Omvising og ølsmaking med Voss Fellesbryggeri
Eldhusoppleving – fyr i bryggekjelen og høyr i historiar om bryggetradisjonar frå Voss
Afterski Voss Resort
Afterski Myrkdalen

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Vinter
  • Vår

Map