cbis:1749038
Voss folkemuseum Mølstertunet
cbis:1749038
Voss Folkemuseum
cbis:1749038
cbis:1749038
cbis:1749038
Voss

Voss folkemuseum - Velkomen til oss og få utsyn mot Voss

Voss folkemuseum ligg flott til med utsikt over Vossevangen med fjell og vatn.

Her er òg Mølstertunet, eit autentisk, freda tun med 16 bygningar. Tunet gjev eit unikt innblikk i byggeskikk og levemåte i eldre tid. Den eldste bygningen er frå 1634.

I tunet er dei fleste husa opne slik at du kan gå rundt på eiga hand. Ynskjer du omvising er det inkludert i billettprisen og går kvar heile time i sommarsesongen. I juli vert det spela folkemusikk fleire gonger om dagen, og fredagar i juli lagar Bygdekvinnelaget tradisjonell bakst. Eventyrlege Mølster for born tilbyd utkledningskrok og teiknebord, stylter eller jakt i husa.

I samlingsbygget kan du sjå utstillinga Utsyn mot Voss. Fortid møter notid i den nye basisutstillinga som følgjer historia til bygda frå 1500-talet og fram til i dag. Her vert du forundra og nysgjerrig og me håper du reiser herifrå med ny kunnskap og gode opplevingar.

Me har kafé med nysteikte lappar og museumsbutikk med kortreiste, lokale varer.

Muséet eig òg Nesheimstunet, Opheim gamle prestegard og Dagestadmuseet. Desse er opne for grupper etter avtale.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
  • Høst

Map