Foto:
Jon Hunnålvatn Tøn, Hunnalvatn Media
hangurstoppen voss gondol

Ta turen til fjells!

Gondolbanen på Voss tek deg opp til Hangurstoppen på 820 moh. Gondolen startar på Voss stasjon. Du kan altså gå rett frå toget eller bussen, og ombord i gondolen som tek deg til fjells på under ni minutt.

På toppstasjonen har du flott panoramautsikt til fleire av fjella som omkrinser Vossabygda, og eit flott område for rekreasjon og aktivitetar. Om sommaren er det fokus på vandring, sykling og paragliding, og på vinteren tek gondolen deg rett opp til skisenteret Voss Resort.

Billetter, opningstider og meir info finn du her.

Vandring

Frå Hangurstoppen har ein eit fantastisk utgangspunkt for ein rekke flotte turar i fjellet. Her finn du både korte og lange turar i ulik vanskegrad.

Hanguren Panorama

Denne rundløypa starter rett utanfor toppstasjonen på Hangurstoppen. Dette er ein lett tur som passer for alle målgrupper, både med og utan barnevogn. Løypa, som er på 800 meter, byr på vakker panoramautsikt over Vossafjella, Lønavatnet og Voss sentrum.  

Hangurstoppen
Foto: Jon Hunnalvatn Tøn, Hunnalvatn Media

Hanguren

Området på Hanguren er flott å gå i uansett alder og form; ein vel sjølv kor mykje ein vil gjere ut av det. Her finn ein stiar som høver små barneføter, og turar for dei som ynskjer ei ekstra utfordring for både musklar og kondisjon. Uansett kvar du går får du fin natur med på kjøpet! 

Frå Hanguren har ein og anledning til å gå vidare til Røde Kors hytta, Raugstad, Lønahorgi eller Bavallen. Ein kan og ta seg ned til Mølstertunet og vidare ned til Voss sentrum om ein ynskjer det.

Røde Kors hytta

Røde Kors hytta kan ein nå både frå Bavallen og frå Hanguren. 
Hytta finn ein like ved Valbergstjørni og her har ein høve til å bade på varme sommardagar.

Røde Kors hytta er eit populært turmål med flott utsikt til nokre av Vossafjella, mellom anna Lønahorgi.

Røde Kors-hytta
Foto: Jon Hunnalvatn Tøn, Hunnalvatn Media

Lønahorgi

Lønahorgi (1410) er eit anna populært turmål med utgangspunkt frå Voss Resort. 
Vel mellom start frå Hanguren eller Bavallen. På toppen har ein spektakulært utsikt og på fine dagar kan ein sjå heile 4 isbrear; Fresvikbreen, Hardangerjøkulen, Vossaskavlen og Folgefonna.

Denne fotturen er for dei litt meir utholdne, då det er ein krevande tur på ca. 20 km tur/retur som tek omlag 6-8 timar, alt etter kvar ein starter frå. Frå Bavallen til Lønahorgi er det omkring 1100 høgdemeter. Ruta er sommermerka og går i høgfjellsterreng. Ta difor med utstyr som kart og kompass og vèr budd på skiftande vêr. Les meir om turen her. 

Hangurstoppen Restaurant

På toppstasjonen kan du også nyta eit måltid på Hangurstoppen Restaurant. Med sitjeplassar til 450 personar er dette Voss sin største restaurant, og her får du både kalde og varme retter og drikkevarer, basert på lokale ingredienser og lokale leverandørar. Restauranten har også møte-og konferansefasilitetar til omlag 50 personar. Sjå meny og les meir om restauranten her!

   Hangurstoppen restaurant  
Foto: Jon Hunnalvatn Tøn, Hunnalvatn Media
 

Overnatting på Voss finn du her:

<% totalFilter %> filter applicerade