Foto:
Hunnalvatn Media
Voss Gondol
Foto:
Hunnalvatn Media
Voss Gondol
Foto:
Hunnalvatn Media
Voss Resort
Foto:
Hunnalvatn Media
Voss Gondol

Sus opp til vinterfjellet på ni minutt med Voss Gondol

 

No kan du gå av toget eller bussen på Voss stasjon, og rett på gondolen som tek deg opp til skianlegget Voss Resort. Turen opp tek ti minutt - og vipps - så er du oppe på Hangurstoppen på 820 moh! Rett utanfor toppstasjonen er det berre å spenna på seg skia, og setja utfor.

Voss Gondol tek deg også opp til Voss Resort sitt store løypenettverk for langrenn. Her finn du 18 kilometer med preparerte løyper, både for småbarnsfamilien og treningsentusiasten.

På toppstasjonen til Voss Gondol finn du skiskule og skiutleige, i tillegg til Hangurstoppen Restaurant.

Skikort og gondolbillettar i vintersesongen

Gondolturen er inkludert i alle Voss Resort sine skikort. Desse får du kjøpt på nett på www.vossresort.no, i automat i gondolbygget, eller hjå Voss Turistinformasjon som ligg på bakkeplan i gondolbygget. 

Årskort, sesongkort og ambassadørkort kjøper du også hjå Voss Turistinformasjon.

Skal du ha gondolbillettar utan kort i skiheisane, for eksempel om du skal på langrenn, kan du kjøpa desse billettane på nett her:
 

 

 

 

Korte fakta om gondolen:

  • Kapasitet: 1069 personar per time
  • Kabinar: 9 stk
  • Kapasitet per kabin: 34 personar
  • Høgdeskilnad: 763 meter
  • Toppstasjon: Hangurstoppen (820 moh)
  • Lengd: 2020 meter
  • Reisetid: 8 min 48 sek
  • Type gondol: Leitner Ropeways 3S
     

Hangurstoppen Restaurant

På toppstasjonen kan du også nyta eit måltid på Hangurstoppen Restaurant. Med sitjeplassar til 450 personar er dette Voss sin største restaurant, og her får du både kalde og varme retter og drikkevarer, basert på lokale ingredienser og lokale leverandørar. Restauranten har også møte-og konferansefasilitetar til omlag 50 personar. Sjå meny og les meir om restauranten her!

Hangurstoppen restaurant

 

Hangurstoppen restaurant