7 Actionfylte aktivitetar på Voss
Kjenn på utfordring og meistring saman. Utforsk dei krystallklare, blå elvene saman i ein raftingbåt eller lær å fly med Voss Fallskjermklub. På Voss har me noko for alle, enten du føretrekk luft eller vatn, skyhøg adrenalin eller roleg kvilepuls.
1. Rafting pao Voss - Voss Active
Rafting er den mest populære sommaraktiviteten på Voss! Med sine fantastiske guidar tar Voss Active deg med på tur på Strandaelva eller Raundalselva. Padlara frå heile verda reiser til Voss for å utfordra seg i elvene våre så dette er ei unik oppleving. Det spelar heller inga rolla om det er sol eller regn for her blir det garantert vått.
Foto: Voss Active
2. Tandem fallskjermhopp - Voss Fallskjermklubb
Årets mest etterspurte aktivitet! Mange ser etter dei store opplevingane denne Norgesferien, eit minne for livet. Dette finn ein hjå Norges største fallskjermklubb – Voss Fallskjermklubb. Her får du sjå vestlandsnatur frå skikkeleg fugleperspektiv og du får ei smakebit på Ekstremsportveko og vossakulturen. Stemninga på hoppfeltet er også heilt spesiell og i kaféen får ein mykje god og lokal mat. Ta gjerne lunsjen her… etter hoppet!
NB. Mange datoar er alt fulle så her bør ein ikkje sitte på gjerdet.
3. Klatreoppleving på staup - Wild Voss
Det spesielle med Voss er at uansett kva aktivitet du gjer så har du naturskjønne omgivelser rundt deg. Like utanfor Voss sentrum ligg ei idyllisk klatreklippe som Wild Voss har vore med å reinska og etablert ei bolta klatrerute i. Klatring gir både ei fysisk og mental utfordring og er derfor perfekt for å tømme hovudet for alt anna og berre vera til stades med si eiga klatring. Wild Voss har sertifiserte instruktørar og du får du prøve deg på klatring og rappell tilpassa ditt nivå i inntil 5 timar. Her er alt lagt til rette for ein fantastisk og uforgløymelig dag.
Foto: Jon Hunnalvatn Media, Hunnalvatn Media
4. Juving med Voss Active
Iført våtdrakt, hjelm og redningsvest vekslar du på å symje, klatre og hoppe langsmed elva i juvet. Du får oppleve digre jettegryter, naturlege vass-sklier, små stryk og krystallklare kulpar.
Juving er berre tilgjengeleg når elvene har for lite vatn til å gjennomføre raftingturane (vanlegvis seint på sommaren).
5. Elvetur på SUP-brett - Outdoor Norway
SUP-brett er ei spennande og morsom aktivitet. Med Outdoor Norway får du sjå både Voss og elva Vosso frå eit heilt nytt perspektiv. Ein starter med litt trening på Vangsvatnet før ein køyrer til elva. Alle turane er i små grupper slik at guiden kan tilpasse turen etter erfaring og nivå. Vil ein utforske Vangsvatnet aleine kan ein også leige SUP-brett.
Foto: Outdoor Norway
6. Elvekano - Outdoor Norway
Med dei morosamme elvekanoane kjem du tett på elva. Med outdoor norway får du padle nedover spektakulære Raundalselva i ca 5km. Erfarne guidar følger nedover i kajakk. Elva byr både på stryk og mange hemmelige badeplassar der du kan flyte roleg nedover det krystallklare vatnet.
7. Fly i vindtunnel - Voss Vind
Har du alltid drøymt om å fly? Hjå Voss Vind får du kjenne på følelsen av å vera vektlaus. Denne aktiviteten passar for alle og ein treng ingen erfaring. Du får gode instruksjonar før og under flyginga. Her får ein utfordring og meistring i heilt trygge omgjevnader. Å dele ei slik oppleving saman er heilt spesielt og ein får definitivt noko å prate om under neste middag. Det er heilt trygt å fly, berre ekstremt morro!
Overnatting på Voss:
I sommar har me kampanje på overnatting. Sjå kampanjetilbodet her.
Andre kjekke aktivitetar: