Foto:
Erik Østlie
Skjervsfossen, sett frå bunnen av Skjervesvingane

Ein guide til fossefall på Voss

Skjervsfossen

Skjervsfossen om hausten, sett frå avstand.

 Skjervsfossen har tilrettelagt parkering rett ved fossen og derfor er ein av dei mest tilgjengelege fossefalla på Voss. Frå Voss køyrer du austover på Hardangervegeen i ca. 15min (16km). Ta til venstre mot Skjervsfossen, før den første tunnelen.  Det fyrste du ser er toppen av fossefallet og eit offentleg toalett. Ta ein titt innom toaletta for ei vakker overrasking, dei er faktisk kåra til eit av dei best designa offentlege toaletta. Etterpå køyrer du ned ein kul, sikksakk veg, heilt til parkeringa. Herifrå kan du gå heilt bort til fossen. Det er som regel mykje vatn i fossen, så hugs regnjakke – her blir ein våt! 

Les også: Topp 10 Instagram spots på Voss

Tvindefossen   

tre unge jenter poserer foran tvindefossen.

Tvindefossen er ei av dei mest unike fossefalla på Voss. Det var ei myte blant turistane som sa at fossen var laga av menneske, på grunn av den unike utforminga, men den er sjølvsagt skapt av naturen. Denne fossen er også lett tilgjengeleg. Frå Voss køyrer du ca 13km på E16 i retning Oslo. Du ser fossen på di venstre side. Frå parkeringa er det berre om lag 100 meter å gå, så er du heilt tett på fossen. 

Stalheimsfossen

Stalheimskleiva og Stalheimsfossen omkransa av grøne tre og bakkar.

Stalheimsfossen er eit majestetisk fossefall i ein djup dal, midt mellom høge fjell. Frå Voss følger du E16 austover ca. 30 km. Ta av mot Stalheim Hotel og parker ca 50m forbi hotellet. Stalheimskleiva er opna for gåande og syklande og frå kleiva får du flott utsikt mot Stalheimsfossen. Om du har tid bør du stoppe innom Stalheim Hotell og ta ein kopp kaffi i hagen. Utsikta er eineståande!

Rjoandfossen

Rjoandfossen på mjølfjell   Rjoandfossen på mjølfjell

Rjoandfossen er ein svær og brei foss på Mjølfjell. Vatnet her ubegripeleg klart og blått og ser veldig eksotisk ut. Frå Voss køyrer du ca. 34 km på Raundalsvegen. Etter å ha kryssa ei bru, ser du fossen på venstre side. Når vannstanden er veldig låg er det også mogeleg å ta ein skikkeleg kald dukkert! 

Les også: 8 aktivitetar for venner og par

Mjølfjell foss 2

Foss på mjølfjell   Foss på mjølfjell

Når du er på Mjølfjell bør du også sjekke ut eit anna fossefall, før eller etter Rjoandfossen. Køyr ca. 34 km på Raundalsvegen og ta til høgre mot Urdlandsstølen. Om sommaren kan du krysse ei bru over Raundalselva. Deretter tar du til høgre og følger stien til du ser fossefallet på venstre side. 

Kråkefossen

tre personer bader i kulpen ved Kråkefossen

Kråkefossen i Teigdalen er ein vakker foss, som går i to etasjar. Verkeleg er mektig oppleving! OBS! Bading her er berre for symjedyktige. Det kan vera sterk straum i kulpen, sjå derfor an vassmengdene før du hoppar uti. Køyr frå Voss mot Bergen på E16 og ta til høgre mot Evanger, etter ca 20 minutt. Køyr oppover Teigdalen (fylg skilt mot Eksingedalen). Etter kring ei mil innover dalen kjem du til eit vegskille, der det er skilta mot Brekkhus og Eksingedalen. Då har du fossen og kulpen på høgre side, på nedsida av vegen. Køyr litt forbi skilta og parker på høgresida av vegen i ei lomme. Fylg sti ned mot fossen.

 

Lokalmat frå Voss

Etter å ha vore på fosse-safari treng ein nok litt mat, då kan vi anbefale litt korteist, lokalmat frå ein av desse plassane. 

<% totalFilter %> filter applicerade
 

Aktivitetar tett på naturen

Lyst å komme endå tettate på naturen? Kanskje frå lufta eller meir vatn? Sjekk ut desse aktivitetane som er ekstra tett på naturen. 

<% totalFilter %> filter applicerade