Leik i bømoen

Bømoen

Tur- og skiløypene i Bømoen er merka. Du kan velje løyper på 1 km, 2 km, 4 km, 6 km, 7,5 km eller 10 km. Undervegs i løypene finn du skilt som syner kor mange kilometer det er att.

Grøne løyper: 1 km, 2 km, 4 km.
Dette er turar i lett og stort sett flatt terreng, løypa går nær Raundalselva.

Blå turløyper: 5,5 km, 7,5 km og 10 km.
Desse turane startar som 4 kilometeren, men vil når ein nærmar seg den gamle militærleiren hald fram forbi det gamle militærsjukehuset og vidare rundt flyplassen. 10 km sløyfa er ei forlenging av 7,5 kilometeren, og byr på tyngre motbakkar og om vinteren friskare utforkjøringar. Underlaget er i tillegg meir stiprega.

Lengd: 1 - 10 km sløyfer
Sesong fottur: April - November
Sesong skitur: Desember - Mars
Vanskeligheitsgrad: Grøne (lett) og blå (moderat) løyper
Startpunkt: Bømoen - Palmafossen
Turkart referanse: Kontakt Voss Turistinformasjon for turkart.
Merknad: Vinterstid vert det køyrd skiløyper i Bømoen, men ofte går det an å gå til fots i Bømoen til november-desember.

NB! Hugs å respektere at det er bandtvang heile året i Bømoen.

Med bil, 5 minutt: Følg Rv13 sørover frå Voss sentrum. Ta til venstre og inn på Tjukkebygdvegen etter vel to km. Køyr forbi barneskulen, deretter første veg til høgre. Sjå etter parkering på høgre side av vegen.

Med buss, 10 minutt: Følg rutebuss frå Voss jernbanestasjon retning Lemme, gå av ved Palmafossen skule. Gå over skuleplassen, Bømoen-omårdet ligg på andre sida av plassen.
 

Tags
vandring